Brørne Odd Gunnar og Nils-Ove Sørvik har fått spela i Noregs dyraste film, saman med mellom andre Kristoffer Joner.
Brørne Odd Gunnar og Nils-Ove Sørvik har fått spela i Noregs dyraste film, saman med mellom andre Kristoffer Joner.

Odd Gunnar og Nils-Ove Sørvik:

Mønstrar på Noregshistorias dyraste film

Når Krigsseileren finn vegen til dei store lerretet om nokre veker, har eit brødrepar frå Stolmen små og viktige roller. Dei spelar begge kapteinar på norske skip før og under verdskrigen.

Det er eit stort og til no kvitt lerret som kan fyllast når regissør Gunnar Vikene og produsent Maria Ekerhovd har rulle ut ein verkeleg stor kanon i norsk film: Krigsseileren. Dei har hyrt inn kjende skodespelarar til produksjonen, som Kristoffer Joner, Pål Sverre Hagen og Ine Marie Wilman … og supplert med to austevollingar.

Ei tidlegare bandvenninne tipsa Nils-Ove om filmen. Det vart kjent at regissøren var på jakt etter vestlendingar som gjerne kunne ha ein autoritær framtoning om dei hadde trong for det. Så fekk han ein telefon og vart invitert inn til audition. Han skulle spela skipper.

– Eg hadde ikkje førebudd med godt nok, og var nervøs då eg møtte opp i casting studioet. Det likna mest på ein tom, men typisk bergensk leilegheit. Teipbitar på veggen skulle vera mannskapen han skulle snakka til.

– Eg synest det gjekk passe dårleg, seier Nils Ove om møtet med castingsjef Alicia og assistenten hennar.

Han reiste heim att, meir eller mindre førebudd om at sjansen til å få noko filmrolle var kasta i kjølvatnet. Men så kimde mobiltelefonen igjen: Dei ville ha han inn att og testa stolmaren til ei anna, større rolle. Men framleis som skipper i uteflåten.

– Denne gongen førebudde eg meg mykje betre, og kunne replikkane utan att. Tredje gongen eg møtte opp var Kristoffer Joner og regissør Gunnar Vikene der, smiler Nils-Ove, som slett ikkje let seg bli star struck av Noregs for tidas mest ettertrakta filmskodespelar.

Leva seg inn i rolla

Tvert i mot, Joner tok på seg oppgåva som coach med ein gong og fekk austevollingen til å gli  lettare inn i rolla.

– Eg bestemte meg for å ikkje halda noko tilbake, eg klarte til og med å pressa fram nokre tårer, seier Nils Ove. Han snudde seg til regissør Gunnar, som sat med hendene framfor andletet, før han strekte hendene til sida og utbraut: Rolla er di om du vil ha henne.

Deretter kom spørsmålet om han kjende nokon andre som kunne eigna seg til filmen. Jaudå, broren Odd Gunnar kunne kanskje fylla nokre skippersko. Eldstebror fekk rolle etterpåklatten var og prøvespelte for fyrste gongen.

Duoen, som vaks opp nær Mølno på Stolmen, har det maritime under huda. Familien haldt lenge livsnerven til Stolmen open: MF «Stolmasund» var arbeidsplass til både far og onklar, og Odd Gunnar var òg tilsett der til brua opna i 1998. Seinare vart det DOF i ein periode. For Nils Ove vart det mange år i maskinen på motortorpedobåt i Sjøforsvaret. I dag er han lærar på den vidaregåande skulen i Austevoll.

– Gunnar Vikene fortalde at han trong nokon som kanskje var sjøfolk, heller enn at dei måtte tre heilt inn eit ukjent univers, forklarar duoen om prosessen som førte dei fram til rollene. Dei har kjent på kor tett du vert knytt til skipskameratar, korleis kulturen kan bli om bord i eit skip når du seglar saman, dag og natt.

– Likevel er det trass alt ei rolle du skal tre inn i, men i familien er me veldig lettrørte, stadfestar karane. Å kunna framkalla ekte tårer, eg sjølvsagt ein av dei nyttige eigenskapane når filmkameraet går.

– Men det er ikkje like lett etter det 20. opptaket, vedgår duoen.

Ei tunge på vektskåla

Norske skip vart legitime mål på verdshava alt frå tidspunktet då tyskarane sin Blitzkrieg slo inn i Polen og britane erklærte krig mot Hitler-regimet. Utanfor Marstein vart «Takstaas» av Arendal det fyrste norske skipet som vart torpedert på veg til Storbritannia med tømmer. Datoen var 29. september 1939. Alle om bord vart redda. Verre vart det ettersom ubåtkrigen vart intensivert, og Tyskland forsøkte å kvela forsyningane til Storbritannia frå Nord-Amerika.

– Eg har inntrykk av at yngre menneske kanskje ikkje kjenner historia til krigsseglarane særleg godt. Det gjorde kanskje ikkje eg, heller, medgjev Odd Gunnar.

– Rettnok har eg lest bøkene til Jon Michelet, men heller ikkje eg visste kor viktig bidraget til dei norske sjøfolka var, seier Nils-Ove. I klartekst var dei moderne, norske tankskipa avgjerande for at Royal Air Force klarte å halda nok jagarfly på vengjene for å hindra tysk herredømme i lufta over Churchills omringa øyrike i 1940.

Never in the field of human conflict was so much owed by so many to so few, sa den legendariske statsministeren til underhuset midt under Slaget om Storbritannia. Og sjølv om han tenkte på pilotane i luftforsvaret, kunne tankane like godt ha gått til dei sivile sjøfolka som trafikkerte storhavet med svoltne tyske ubåtflokkar på jakt etter seg.

Nils-Ove i skipparlugaren. Det er erklært krig. Skjermdump: Mer film AS

Stort apparat

Odd Gunnar er snar med å konstatera at han hadde ei ørlita rolle. Likevel er han ikkje statist. Han drog til Nord-Tyskland for å filma scenene sine midt i den verste pandemien. Han vart mest overmanna av det enorme apparatet som var i sving.

– Til å byrja med var det vanskeleg å få fram eitt ord, men når me vart varme i trøya la eg knapt merke til noko anna enn medspelarane, seier Odd Gunnar.

– Alle var så utruleg hjelpsame og ville meg berre vel. Særleg var måten Kristoffer Joner tok i mot meg på prøvar og filming veldig viktig.

– Eg sa til han at hadde det ikkje vore for deg ville eg aldri ha vore her, fortel stolmaren. Coachinga under prøvespelinga var avgjerande for å finna den gode tonen for skipperkarakteren han skulle spela.

Rett nok har eldstebror vore med på ein kortfilm, men der spelte han seg sjølv, ferjebillettør om bord i «Stolmasund». På kortfilmen Closer to Kong Hong var det ei handfull menneske som var involverte med innspelinga. Overgangen til Noregshistorias dyraste film vart enorm.

– Det var sikkert 100 menneske på settet. Alt var planlagt til minste detalj. Det var ikkje mykje daudtid under filminga, seier Odd Gunnar. Arbeidsspråket under filminga vart engelsk, trass at det er ein norsk film.

– Me hadde sminkørar, kostyme og mange av lydfolka var tyskarar, supplerer Nils Ove.

Dei fortel om kulissemakarane som berre på nokre timar ominnreidde brua på «Hestmanden» til noko som såg heilt annleis ut og hadde rett tidskoloritt, til innhaldet i skapa i lugaren, som aldri vart opna, men likevel kunne ha brennevinsflasker som såg akkurat ut som dei ville gjort under krigen.

– Kostyma var òg heilt gjennomført. Frå underbukser, singlet under skorta til skipperuniformen, som vart skreddarsydd, seier Nils-Ove og viser eit bilete av seg sjølv. 46-åringen ser ut som ein sliten kaptein i 60-åra.

– Her er eg sminka som om eg hadde vore vaken i tre døger i strekk.

Opnar i Haugesund

Sjølv om premieren fyrst er sett til slutten av september, er storfilmen den som skal opna filmfestivalen i Haugesund – Noregs svar på Cannes – og filmskodespelarane klarar ikkje å lata vera å sitra av spaning.

– Me har ikkje sett filmen. Det næraste me har kome var å sjå scenene me sjølve var med på, då me var og la ny lyd oppå dei, seier Nils-Ove.

– Ja, det var fascinerande å høyra korleis lydteknikarane har lagt lydeffektar opp på scenene, supplerer Odd Gunnar.

Yngstemann kjente godt eit slags sug i magen då han fekk sjå teaseren for filmen, like før han skulle titta på Tom Cruise og raske jagarfly i Top Gun.

Så eg fekk sjå traileren, der eg sjølv er med … No håpar me å bli inviterte til Haugesund i august og få gå den raude lauparen under premieren, smiler duoen.

Vegen frå prøvespeling, lesing av synopsis, manus og filming har vore lang.

– Mest kvar dag har eg sjekka etter oppdateringar, og vart glad då det endeleg skjedde noko.

Med på ferda kjem tankane om alle sjøfolka som ferdast på verdshava under krigen.

– I vår tid er det nærast umogleg å setja seg inn i påkjenninga der må ha vore i desse konvoiane, der ein såg andre skip, gjerne med vennar og kjenningar bli torpederte, seier karane. Vel vitande om at ein ikkje kunne stogga og plukka opp dei skipbrotne.