Innsendaren sin identitet er kjent for Marsteinen. Illustrasjonsteikning: Ponomariova_Maria / iStockphoto.com.
Innsendaren sin identitet er kjent for Marsteinen. Illustrasjonsteikning: Ponomariova_Maria / iStockphoto.com.

Lesarbrev:

– Ikkje mobb vennen min!

Mobbing har så mange ansikt, både av fysiske og psykiske krenkingar. Personleg er det psykisk vald eg har vore mest vitne til. Menneske manglar ikkje fantasi når det gjeld å påføra sin neste smerter …

Mobbing har så mange ansikt, både av fysiske og psykiske krenkingar. Personleg er det psykisk vald eg har vore mest vitne til. Menneske manglar ikkje fantasi når det gjeld å påføra sin neste smerter. Det skjærer meg i sjela når eg høyrer omsynslaust sladder om personar eg er glad i, enten det er vennar eller familie. Sjølvsagt er det ille uansett kven det er som blir råka. Baksnakk/sladder er ein måte å trykkja andre ned på. Dessverre så har eg også vore vitne til at løgnaktig ryktespreiing har vore brukt på arbeidsplassar mot «brysame» personar, som eigentleg ikkje har gjort anna enn å gje beskjed om kritikkverdige tilhøve. Det er nok ikkje utan grunn at det blir åtvara mot sladder, baksnakk og ryktespreiing i alle livssyn med eit humant tilsnitt. I Bibelen, som har vore ein grunnpilar i vår sivilisasjon i om lag 1 000 år, blir det åtvara mot den giftige tunga både i det nye og gamle testamentet. Utan detaljkunnskapar om islam, så er etikken her samanfallande med kristendomen, så langt eg veit. Det same kan vel også seiast om human-etikk. (Til dei som brenn Koranen langs vegar og på gatehjørne, så set dei også fyr på den delen av etikken i Koranen som er felles med dei tradisjonelle norske kristenhumanistiske verdiar). Utover det har eg lite kjennskap til andre livssyn sin etikk på dette området. For dei som forsvarar mobbing, og dei finnest, så lurer eg kva livssyn dei eigentleg har i botnen.

Det er positivt at mobbing i skulen er på den politiske dagsorden, som til dømes gjennom oppretting av innsatsteam mot mobbing i skulen. Dessverre kan det synast som menneskenaturen er slik at mobbing er eit tidlaus problem, slik at innsatsen mot mobbing alltid må vera ein kontinuerleg prosess. Ein gong trudde eg at opplysning skulle gjera oss meir medvitne om korleis me skal vera mot kvarandre. Kunnskap om mobbeproblematikken vil sikkert bringa oss vidare, sjølv om det går seint. Det forutset at me ynskjer og vil ta til oss slik kunnskap, samt at me er medviten om problematikken i vår sosiale omgang. Kampanjar mot mobbing hjelper, som til dømes «Manifestet mot mobbing» til Kjell Magne Bondevik si andre regjering, men mistar me fokus på problematikken, er det ikkje lenge til me er tilbake til «normalen».

Det som skremmer meg mest, er at det er mykje mobbing blant dei vaksne generasjonane. Om det er verre i Austevoll enn andre stader, skal eg ikkje uttala meg om. Med mobbing forstår eg gjentakande krenkande åtferd mot individ der styrkeforholdet er ulikt, anten i fysisk eller psykisk styrke eller at det er fleire mobbarar som går laus på eit einskildindivid, som fylgjeleg blir forsvarslaus. No finst det meir presise og utfyllande definisjonar på mobbing blant fagfolk på området. Det å setja ut vondsinna rykte om ein person eller grupper (ofte minoritetar), har vore eit kynisk maktmiddel gjennom heile historia til menneska, som ytste konsekvens har det ført menneske til rettarstaden. Det er eit bilde som samanliknar ryktespreiing som å stikke hol på ei pute med dun i vinden. Det er ikkje så lett å samla inn att desse fjørene når dei fyrst er tatt av vinden.

Mobbarane må ikkje einsidig få definisjonsmakta på kva som er mobbing, for på den måten å reinvaska seg sjølv. Dei gir ofte mobbeofferet sjølv ansvaret for at dei blir mobba. Er det ikkje slik at innrømming av krenkande åtferd er ein viktig føresetnad for å korrigere åtferd, få til eventuell tilgjeving og forsoning?

Eg er langt frå Gud sitt beste barn i mi framferd i livet. Når eg gjekk over streken i min barndom og ungdom, var eg blant dei heldige som hadde stabile og trygge vaksenpersonar rundt meg som klårt sa frå om var som er rett og galt i framferda overfor andre og ikkje var redd for å snakka meg til rette når eg trakka over streken. Skal me få bukt med mobbing blant barn og unge må foreldregenerasjonen og besteforeldregenerasjonen vera medvitne om mobbeproblematikken og vera gode føredøme. Det hjelper lite med kampanjar mot mobbing på skulen, viss barnet kjem heim til eit middagsbord der det heilt akseptert å latterleggjera og snakka ned naboen. Denne naboen har kanskje ikkje gjort noko anna gale enn å vera litt annleis, vore uheldig å koma bort i fleire snublesteinar i livet enn andre eller kanskje ha ei synleg eller usynleg lyte.

Det er dessverre slik at mange som får seinskadar etter mobbing, dels alvorlege. Det er alvorleg når ein arbeidstakar blir mobba ut i langtidssjukemelding eller i verste fall arbeidsuføre. Det skjer dessverre altfor ofte. For mange år sidan var det eit intervju i Bergens Tidene med ein ressursrik mann som var blitt uføretrygda etter mobbing på arbeidsplassen sin. Dette er ein person utanfor kommunegrensene. I si fortviling sette han ganske sterke ord på det. Ordlyden var om lag slik: «I Noreg er det lov å ta livet av menneske, så lenge ein gjer det langsamt nok». Mobbing i samfunnet fører ikkje berre med seg ufattelege lidingar, men det er også ein øydelegging av menneskelege ressursar som kunne vore til gagn for samfunnet. Helsevesenet i Noreg gjer ein formidabel innsats med å hjelpa menneske med psykisk sjukdom, trass manglande ressursar. Derfor har me alle i samfunnet eit ansvar for å driva førebyggjande helsearbeid og ettervern med å skapa eit raust og inkluderande samfunn.

Til slutt nokre ord om det berømte bygdedyret. Her i avisa var det ein person som fortalde at han måtte ta ferja over Krossfjorden for at bygdedyret skulle gje slepp, for bygdedyret var dårleg å symja. Andre meiner bygdedyret ikkje eksisterer i Austevoll. Etter mi meining er det dei som opplever kvelartaket til bygdedyret som er dei rette til å svara på det. Opphavsmannen til omgrepet bygdedyret , Tor Jonsson (1916-1951), uttrykte det slik: «Ingen som ikkje har røynt det til inste grunn, veit kva makt det flirande bygdedyret eig» (Frå novella «Liket», 1949).

Sørgmodig