Ny direktør i Bekkjarvik: Rønnaug Nymark. Foto:  Øystein Haara Photography
Ny direktør i Bekkjarvik: Rønnaug Nymark. Foto: Øystein Haara Photography

Frå Visit Bergen til gjestgiveriet

I oktober startar Rønnaug Nymark i stillinga som direktør både på Bekkjarvik gjestgiveri og det nye hotell med restaurant som er under oppføring ved Horgestykket.

Den nye direktøren kjem frå VisitBergen og stillinga som salsdirektør. I oktober blir ho sjef for reiselivsverksemdene i Bekkjarvik. Ho poengterer at Johannessen er kjent for oppbretta erme.

– Det at familien Johannessen har høge ambisjonar for drift og utvikling av Bekkjarvik er allereie godt dokumentert. Desse ambisjonane vert understreka ettertrykkjeleg med det nye boutique-hotellet og tilhøyrande restaurant, som verkeleg blir eit fyrtårn!

Bekkjarvik Gjestgiveri satser offensivt, med bygging av et nytt hotell og restaurant. Rønnaug Nymark er ansatt som ny direktør. I ei pressemelding tryggar Asta Johannessen om at familien framleis skal vera aktive i drifta av dei to einingane.

– Me er i gang med ei stor nysatsing i Bekkjarvik, med nytt hotell og restaurant i toppklasse. Då treng me den beste kompetansen me kan få,  seier ho, og legg til at ho er særs nøgd Rønnaug med på laget.

– Bekkjarvik Gjestgiveri Hotel & Suites kjennetegnes av svært høy kvalitet og har medarbeidarar og eit vertskap i toppklasse. For meg er det er ei stor ære og glede å få bidra til videre utvikling og posisjonering av verksemda og destinasjonen Bekkjarvik, både nasjonalt og internasjonalt.