Den austevollske kontingenten saman med branns-spelarane  Vegard Leikvoll Moberg og Marcus Olsen Pettersen. Foto: Privat.
Den austevollske kontingenten saman med branns-spelarane Vegard Leikvoll Moberg og Marcus Olsen Pettersen. Foto: Privat.

Fekk drøymetur til Brann stadion

Med god hjelp frå bussjåfør Åge Blix, ein velvillig rektor ved den vidaregåande skulen, kunne Lionsklubben i samarbeid med MOT invitera beburarane ved bufellesskapet på Brann-kamp.

Lions-medlem Asbjørn Helland er strålande nøgd med dagen, og konstaterer at deltakarane på turen òg storkoste seg, trass i at den fantastiske sigersrekkja til raudtrøyene ikkje haldt fram med 1–1 mot Stabæk.

– Planane om å invitera stjernelaget til AIK til Brann stadion hadde me alt før pandemien. No tok me og inviterte bebuarane på bufellsskapet i staden, og fekk strålande hjelp til gratisbillettar hos MOT, seier Helland. Regina N. Vestrheim var kontaktperson og varta oppmed iskrem til dei austevollske Brann-supporterane.

– Dei fekk òg treffa to Brann–spelarar som er ute med skadar. Dei gledde oss mykje at dei tok seg god tid med gjestane våe, seier Helland. Han skryt samstundes av Åge Blix som stilte opp med godt humør, som ein bussjåfør seg hør og bør – og rettar ein hjarteleg takk til Vivian Bjånesø Horgen som lånte hos Austevoll vidaregåande skule sin buss til turen.

Høge forventningar før turen til Brann Stadion (frå ventre): Asbjørn, Agathe, Malvin, Yngve, Yngvild, Aleksander, Geir Magnus og Lars Henning. Framme: Frode og Åge. Foto: Privat.