Politiet i Austevoll har hatt nye fartskontrollar denne veka. Det har gjeve gode resultat, men førarkortbeslaga blir det stadig fleire av.  Foto: Politiet.
Politiet i Austevoll har hatt nye fartskontrollar denne veka. Det har gjeve gode resultat, men førarkortbeslaga blir det stadig fleire av.  Foto: Politiet.

Tek førarkortbeslag kvar veke

Politiet i Austevoll har dei siste vekene hatt auka fokus på trafikkbilete. Det har gjeve gode resultat, men førarkortbeslaga blir det stadig fleire av.

– I går måtte me dra inn eitt førarkort og skriva ut fem forenkla førelegg på ein fartskontroll me hadde like ved Selbjørnsbrua, seier politistasjonssjef Vidar Mjåtvedt. Han fortel at austevollpolitiet har sett ein tydeleg nedgang i tal på forenkla førelegg, ved dei siste kontrollane. Færre køyrer for fort.

– Det som derimot er skremmande er at me på kvar einaste kontroll dei siste vekene, har teke førarkortbeslag, seier Mjåtvedt. Denne veka vart ein person teke for å ha køyrt i 99 kilometer i timen i 60-sona, medan tidlegare i veka køyrde ein annan 80 km/t i 50-sona. Begge mista lappen.

– Det er framleis mange som må ta seg sjølv i nakken. Me kjem til å halda intensiteten på kontrollane oppe òg i tida som kjem. Me tek for oss kommunen og kjem til å kontrollera dei fleste bygdene, seier Mjåtvedt. Politiet presiserer at dei ikkje gjer dette for å stela lønningane til folk, men for å førebygga alvorlege hendingar og i verste fall dødsulukker.

Gjer du dette, tek dei lappen

Politiet i Austevoll rapporterer fleire som køyrer på feil side av rundkøyringane.

– Observerer politiet slike hendingar er det ingen tvil at me tek førarkortbeslag. Det kan få eit særs alvorleg utfall, forklarar Mjåtvedt. Sommaren står for tur og då er lovens lange arm førebudd på at mange er ute og køyrer. Til helga er det fleire som til dømes skal på Voss-cup.

– Eg ber alle trafikantar om å visa omsyn og vera varsame. Ha i tankane at det er mange barn i bilane denne helga. Køyr forsiktig, ber han. Mjåtvedt rår alle til å ha vatn tilgjengeleg i bilane og at alkoholen, som alltid, ikkje blir drukke.

– Me ynskjer at det skal vera trygt å ferdast langs vegane. Heldigvis viser det seg at tiltaka våre fungerer og at færre bruker mobiltelefonen under køyring, og at tala på forenkla førelegg går ned, avsluttar Mjåtvedt.