Det var 700 i salen og stor stemning då vinnarane av Aquacukture Awards 2022 vat kunngjort omsdag. Vidare Rabben sitjande nede, lengst til høgre. Foto: Skjemdump frå Aquaculture Awards 2022.
Det var 700 i salen og stor stemning då vinnarane av Aquacukture Awards 2022 vat kunngjort omsdag. Vidare Rabben sitjande nede, lengst til høgre. Foto: Skjemdump frå Aquaculture Awards 2022.

Skotsk heider til Vidar Rabben og Fjord Maritime

Det vart ny merksemd for austevollingane i Fjord Maritime onsdag. Selskapet si løysing for straumsparing og batterikapasitet på oppdrettsflåtar fekk miljøprisen under Aquaculture Awards 2022.

Vidar Rabben er strålande nøgd med eit nytt solid klapp på skuldra, særleg no som selskapet hans er i ferd med å rulla ut dei teknologien sin i den skotske marknaden. Onsdag fekk selskapet altså miljøprisen under Aquaculture Awards 2022.

– Merksemda me får, kunne knapt vore nærare det ideelle, seier han på telefon frå det skotske høglandet, midt mellom whiskydestilleri og lakseelvar. Skottane skrik etter berekraftige løysingar som kan redusera fotavtrykka deira, og i dei aller fleste tilfelle er ikkje landstraum ein alternativ der borte.

– Me er i ferd med å tilsetja lokale representantar i Skottland, og ser for oss at me skal vera lokalisert mellom Inverness og Fort William. Elles skal me òg knyta samarbeid med eit skotsk selskap. Me går for ei pose- og sekkløysing, konstaterer Rabben. Fjord Hybrid-teknologien til verksemda hans har etablert seg som ein bransjestandard og marknaden i nabolandet i vest er minst like mottakeleg for grøne løysingar som den norske.

– Styresmaktene er òg med og lagar støtteordningar for slike grep òg blant oppdrettarane, konstaterer austevollingen, som er dagleg leiar i selskapet. Stig Arve Kalvenes er den andre austevollingen i leiinga, som vert komplementert av Øyvind Bakke.