Fiskarlaget er skuffa over at regjeringa ikkje kom med avhjelpande tiltak i drivstoffprisar for fiskeflåten i revidert nasjonalbudsjett. Foto: Kari Hamre / NPK
Fiskarlaget er skuffa over at regjeringa ikkje kom med avhjelpande tiltak i drivstoffprisar for fiskeflåten i revidert nasjonalbudsjett. Foto: Kari Hamre / NPK

Fiskarlaget skuffa over manglande drivstoff-tiltak

Noregs Fiskarlag har no kome med innspel til revidert nasjonalbudsjett for 2022og i brevet ber dei Stortinget om å justere element i kompensasjonsordninga for CO2-avgifta. Samstundes er dei skuffa over at regjeringa ikkje kom med avhjelpande tiltak i drivstoffprisar for fiskeflåten.

Fiskarlaget peiker på at drivstoffkostnadene er i ferd med å øydeleggje lønnsemda i fleire viktige fiskeri, og kystrekefisket aller hardast.

– Aktiviteten er redusert betydeleg, og fleire fiskeri lèt seg ikkje gjennomføre, viser Heggebø til og fortel at Noregs Fiskarlag derfor foreslår og meiner at kompensasjonsordninga for CO2-avgifta må justerast, seier leiar Kåre Heggebø i Fiskarlaget.