Her er Hardangerbrua sett inn mellom Romelines ved Flyglandsvær og på Grunna rett aust om Tobbholmane (Skisse RH, der brua er henta med løyve frå Forum arkitekter)
Her er Hardangerbrua sett inn mellom Romelines ved Flyglandsvær og på Grunna rett aust om Tobbholmane (Skisse RH, der brua er henta med løyve frå Forum arkitekter)

Lesarinnlegg:

– BRUA VERT TRULEG MYKJE RIMLEGARE. KVA GJER KOMMUNEN?

Etter at det i fjor kom eit kostnadsoverslag på bru mellom Austevoll og Tysnes på heile sju-ni milliardar kroner, tok underteikna kontakt med dei som hadde rekna på dette. Det var Bjørn Alvsaker eg snakka med, som var svært imøtekommande og interessert i denne saka. Han har rekna på dei største vegprosjekta i Noreg i mange år. Kostnaden for vårt vedkommande var då rekna ut ved at ein såg for seg at ein måtte byggja ei firefelts bru. I allefall i breidda, grunna avstanden over fjorden. Når eg nemde om dei hadde sett på denne grunna på 81 meter djupne aust om Tobbholmane, hadde dei ikkje teke denne med i reknestykket og Alvsaker synest at dette var svært interessant. Om ein kunne hatt eine søyla-brufundamentet for hengebrua på denne grunna, ville spennet bli tilnærma likt som Hardangerbrua som i 2013 var kostnadsrekna til 2,5 milliardar kr, der tilførselsvegar og tunellar er medrekna.

Undervassfundamentet – senkekassen til Storholmbrua i Austevoll ligg på om lag 37 meters djupn og var det djupaste brufundamentet i Noreg ved opning i 2007. Om ei senkekasse på 81 meters djupne og med større dimensjonar let seg utføra veit eg ikkje, men i samtale med Alvsaker som hadde rekna på kostnadane hadde han teke patent på å nytta utrangerte oljeplattformfundament som fundament på bruprosjekt og har jobba mykje med dette. Løysinga mellom Austevoll og Tysnes stod fram svært interessant i den samanheng. Han var interessert i å rekna på prosjektet på nytt om kommunen ynskt dette. Eg kontakta kommunen. Etter ei purring fekk eg til svar at dei overlét dette til fylkeskommunen, som såg på saka. Eg vart skuffa over at ein ikkje viste meir glede over dette.

I dei to siste presentasjonane for Hordfast, er det einaste eg har sett om Austevoll at ein ser for seg at ein kan laga nytt fergesamband mellom Haukanes og Rekstern. Bru er ikkje i tankane i det heile teke. Ein nytter også det gamle reknegrunnlaget og då kan ein vel forstå fylkeskommunen. Ei slik løysing som ein ser ovanfor med Hardangerbru som går vidare i fritt – fram bru til Nordre Tobbeholmane og med ny bru over til Brekke på Huftarøy, ville då truleg verte fleire milliardar rimlegare. Med fergeavløysingsmidlane, ville nok dette verte svært interessant for politikarane, meinte han. Spesielt om ferjene også vert gratis som regjeringa nemde dei ville få til. Dette ville igjen føra til ei kraftig reduksjon i eventuelle bompengar.

I ettertid vart det også rekna på dette med samfunnsnytte då Austevoll er ein spennande kommune med sterkt næringsliv og stor sjanse for auka busetnad. Denne kom på positive 0+ som ein skulle tru at politikarane ville ha jubla for. Sjølv om denne ikkje er offentleggjort og må kvalitetssikrast meir, var dette sært positivt. Ny E16 mellom Arna og Trengereid er til dømes rekna til å verta eit minus prosjekt når det kjem til samfunnsnytte, sjølv om ein forstår at denne vegen trengt utvidast.

Det er skuffande at Austevoll ikkje har jobba meir med brusaka. Ein burda ha oppretta eit bruselskap som ein gjorde med dei andre bruene i kommunen og vore offensive no når ein arbeider med Hordfast. Det vart og nemnd til kommunen at dei burde komma med innspel om at ein i den statlege reguleringsplanen over Rekstern la inn kryssmoglegheit ved Flygansvær (slik synt i kartskissa under) og ikkje berre der brua kjem i land nord på Rekstern. Denne planen er no godt i gang utan om eg veit at dei har komme med slikt innpel. Tysnes må også involverast her.

Dette er ei bru som forminskar reisetida betrakteleg for heile kommunen. Eg vonar at kommunen tek skikkeleg tak i denne saka no og ikkje overlét dette til fylkeskommunen. Tenk kva merksemd dette ville ha fått også dersom ein kunne teke bruk fundament frå plattformar i Nordsjøen som snart skal fjernast og hoggast opp då levetida på mange av desse allereie er og framover tek slutt. Ei slik opphogging kostar også milliardar og det ville vore fantastisk om ein kunne ha nytta desse på nytt, og med tanke på miljøet. Kan de be om at ein får nytt reknestykke på brua med eit slikt alternativ og ser om dette let seg gjera. Det hadde vore kjekt.

Enkel skisse over veg-bruløysing med «Hardangerbu» som hovudspenn mellom grunna aust for Tobbeholmane og Tysnes. (RH)