Berre flaksen gjorde at frontkollisjonen ved Åno i går, ikkje enda katastrofalt. Foto: Politiet.
Berre flaksen gjorde at frontkollisjonen ved Åno i går, ikkje enda katastrofalt. Foto: Politiet.

Alvorleg ulukke i Åno

I går ettermiddag rykka politiet i Austevoll ut til den mest alvorlege trafikkulukka dei har sett på lenge. Berre flaksen gjorde at det ikkje enda katastrofalt.

 

Like etter klokka 16:30 i går fekk politiet melding om ein frontkollisjon ved innkøyringa til Loddo i Åno. To bilar med særs store materielle skadar stengde for framkomsten i vegbanen.

– Det er heilt utruleg at dette ikkje enda med store personskadar. Det var to involverte, og begge ser tilsynelatande ut til å ha det bra. Dei har vore heldige, seier politistasjonssjef Vidar Mjåtvedt. Saka er framleis under etterforsking, men ein av førarane er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.

– Me har teke blodprøve og førekortbeslag. Det dreier seg om ein vaksen mann, fortel Mjåtvedt. Berre nokre timar før hendinga fekk politiet tips om same personen som no er mistenkt for ruskøyring.

– I fylgje informasjon politiet har fått, har vedkommande vore involvert i fleire trafikkuhell tidlegare på dagen, seier Mjåtvedt. Austevollpolitiet ser alvorleg på saka, men er særs takksame for eit observant publikum

– Me ber alle som ser noko urovekkande i trafikken om å tipsa oss. Gje oss heller beskjed ein gong for mykje enn for lite. Ser du bilar som vinglar, ikkje held sida si, eller som køyrer med høg fart – ring oss på 02800 eller 112 ved naud, avsluttar Mjåtvedt.