Mange pasientar i Vestland har no ikkje reell fastlege. Statsforvaltaren er bekymra over situasjonen. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Mange pasientar i Vestland har no ikkje reell fastlege. Statsforvaltaren er bekymra over situasjonen. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Gjeld òg i Austevoll:

Stadig fleire utan fastlege i Vestland

Statsforvaltaren i Vestland er bekymra over problema med å rekruttera og behalda fastlegar i Vestland. Kommunane fortel at situasjonen er forverra det siste halvåret.

Ei kartlegging der 28 av 43 kommunar, med totalt 537 fastlegeheimlar, svara, viser at 28 av heimlane vert betente av vikar, og 10 heimlar stod utan lege. Om lag halvparten av kommunane opplyste at dei har prøvd å rekruttera legar til nyoppretta heimlar utan å lukkast.

Målet med å opprette nye heimlar er å auka kapasiteten og dermed redusera mengda pasientar på lista til andre fastlegar i kommunen.

Rekrutteringsvanskane fører til at fleire innbyggarar no ikkje har ein reell fastlege, skriv Statsforvaltaren. Det blir også peika på at når kommunane no skal busettja flyktningar frå Ukraina, vert kapasiteten i fastlegeordninga utfordra endå meir enn før.

Kommunane gav også tilbakemelding om at tiltaka i Handlingsplan for allmennlegehelsetenesta ikkje er gode nok til å løysa rekrutteringsvanskane. Dei etterlyste tiltak som fører til færre arbeidsoppgåver, og endra finansiering av ordninga.

Austevoll har to fastlegestillingar av totalt seks utan fast tilsett lege. Rådmann Bjarte Madsen rosa i formannskapet denne veka fastlegekontoret for å vera fleksible og kreative i handsaminga av utfordringa, og konstaterte at det er vikarar som hyra inn i dei to ledige stillingane.