Fredingsområdet er oppretta med tanke på å følgje hummarveksten og sjå om freding kan påverke mengda hummar i eit område. Foto: Anette Karlsen / NTB/ NPK
Fredingsområdet er oppretta med tanke på å følgje hummarveksten og sjå om freding kan påverke mengda hummar i eit område. Foto: Anette Karlsen / NTB/ NPK

Tek stadig fleire i fredingsområdet:

Mange ulovlege hummarteiner ved Trollsøy

Det er eit stort problem at fritidsfiskarar og yrkesfiskarar set ut fastståande reiskap, som teiner, i hummarfredingsområdet ved Trollsøy i Austevoll, melder Fiskeridirektoratet.

Alt teinefisk er ulovleg i dette området, men nyleg vart det beslaglagt 24 ulovlege krepseteiner som tilhøyrde ein fritidsfiskar.

– Uynskt reiskap i dette området er dessverre eit aukande problem, og i den siste tida har me beslaglagt eit stort tal reiskap. Me ser ein ny trend med at det blir sett eit stort tal teiner i lenker i fredingsområdet. Dette er urovekkjande, seier seniorinspektør Rudi Iden ved fartøy og kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet region Vest i ei pressemelding.

Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet (HI) samarbeider om å fjerna reiskap som er sett ut ulovleg. Reiskapane blir beslaglagt og forholda blir melde til politiet.

– Me kjenner ikkje årsaka til at det blir sett ut fleire ulovlege reiskap i området, men sidan reiskapen var merkt med fullt namn kan det tyda på at det enkelte kan vera uvitande om at området er eit fredingsområde, seier Iden.

(©NPK)