Nettverk fjord- og kystkommunar organiserer 77 kommunar langs kysten og vedtok på landsmøtet sitt nyleg ei kraftig oppmoding til regjeringa om ikkje å bruke kysten som salderingspost.
Ifølgje nettverket har persontransport og utbygging av vegnettet i sentrale strøk ete opp mykje av samferdselssatsinga dei siste åra, samstundes som kystinfrastrukturen er prioritert ned.
– Samferdselsinfrastrukturen langs kysten er meir enn berre vegar i naturskjønne omgivnader. Det er infrastruktur for verdiskaping og omstilling av norsk økonomi. Næringsaktivitetane på havet er ein berebjelke for velferdssamfunnet, heiter det i vedtaket.
Kystkommunane meiner følgjande må prioriterast høgt for å komme i møte og å leggje til rette for grøn omstilling og vekst i blå næringar langs kysten:
* Regjeringa må halde fram satsinga i Nasjonal transportplan med å styrkje fylkesvegane. Beløpet som er sett av til fylkesvegane må minst vere like stort i første som i andre planperiode, og i sum må summen aukast betrakteleg.
* Regjeringa må ta innover seg utfordringane som vegtransporten medfører og legge til rette for godsoverføring gjennom å styrkje samspelet mellom lokalt næringsliv og hamnene, satse på utbetringar av farleier og styrkje tilskotsordninga for effektive og miljøvennlege hamner.
* Regjeringa må sikre eit robust ferje- og hurtigbåttilbod med høg frekvens og reduserte prisar langs kysten.