Therese Storebø arbeider dagleg for å utvikla den beste ginen og akevitten på distilleriet like ved ferjekaien på Fedje. No har ginen Nine Sisters motteke ein av dei mest høgthengande utmerkingane du kan få for spriten du lagar.
– Ikkje berre er dette ein av dei to kåringane som heng høgast, han er òg den som berre fokuserer på smak, ikkje noko på flaskedesign og slikt, som andre stadar. Prisen betyr enormt mykje for oss, no som me skal ut og lansera han internasjonalt, seier ei strålande opplagt Therese på telefonen.
– Me er den fyrste norske ginen som har fått denne utmerkinga, strålar ho. Alle produsentar sender inn produkta sine og ved denne krossvegen var det berre 13 gin av totalt nær 250 som fekk utmerkinga Double Gold.
– Når me no lanserer nye flasker med nytt design, står me òg sterkare rusta for å henta endå fleire prisar, seier Therese til Marsteinen.
Vil du lesa meir om Therese sitt virke på Fedje? Bla opp i avisa på torsdag, reportasje kjem.