Anders Børnes (1919-1940), oppvaksen på Søre Drivenes, vart vår fyrste falne i Den andre verdskrigen. Foto: faksmilie frå verket "Våre falne".
Anders Børnes (1919-1940), oppvaksen på Søre Drivenes, vart vår fyrste falne i Den andre verdskrigen. Foto: faksmilie frå verket "Våre falne".

Frå arkivet:

Anders Børnes falt 9. april 1940

Olav Drivenes, tidlegare rektor og skulesjef i Austevoll, fortel om korleis han hugsar den lagnadstunge dagen for 82 (75 år i orginalingressen) år sidan, med tapet av naboguten Anders Børnes frisk i minnet.

Som små gutar i nesten skulealder hadde me ein ungdom til nabo som me såg opp til. Han var kring ti år eldre enn meg, og reiste til sjøs som 17 åring. Når han var heimom, møtte me opp for å helsa på han, prata med han og høyra kva han fortalde. Han var ein tidleg helt for oss. Som sjømann var han dekksgut, lettmatros og matros til han som 20-21 åring måtte tena verneplikta si. Han hamna då om bord i panserkrigsskipet ”Norge”, som opererte saman med eit liknande skip ”Eidsvold”.

Så vakna me ein morgon med krig i landet. Det var den 9. april 1940.

Krigshandlingane seier eg ikkje så mykje om, men krigsskipa, «Norge» og «Eidsvold» hadde Narvik som base, og skulle forsvara seg, byen og landet mot inntrengjarane med dei våpen som var. Det var småtteri i høve til det motparten stilte opp med, og det gjekk ikkje lenge før begge skipa var senka. Mange marinefolk fekk si grav der og då, deriblant naboguten eg alt har tala om.

Han var ein mann i starten på sitt vaksne liv. Han blei fråteken ei framtid og vidare karriere, brutalt riven bort frå familie og alle dei som såg opp til han. Tårene ville pressa seg fram.

Ein gong seinare følgde eg med at mi mor tala med hans mor. Begge hadde grete. Det fann eg naturleg, for dei hadde tala om den helten min som no var borte for alltid. Tårene pressa atter på og eg kunne så godt grete med dei.

Dei var unge og livs- friske, ville verja land og folk, ofra livet om så var i den samanhengen. Mange såg opp til dei og sørgde og sakna dei sårt då dei var borte, skriv Olav Drivenes i boka si Heime var eg viden kjent. Namna deira lyser mot oss for at me skal vita kven dei var og kva dei stod for. Det er dei beste som dør, sa Nordahl Grieg i diktet sitt ”De beste” frå denne tida. Han var sjølv soldat som let livet i fedrelandet si teneste.

Me takkar dei ærbødig for innsats og offer, og eg vil slutta av med å sitera eit av versa frå ”Gud signe Noregs land” av Arne Garborg, der han skriv følgjande: ”Her ligg dei grav i grav – frå hei og ned i hav – som stridde so. Gud sign kvar ærleg svein – som søv der under stein. Gud sign dei kvar og ein – der dei er no”.

Med desse orda legg eg ned ein krans og lyser takk, ære og fred over minnet til desse og dei mange som ofra livet for land og folk.

Morgonen

Krigsutbrotet her i landet er datert til den 9. april 1940. Dette er heilt rett, men sjeldnare blir det fortalt at vekedagen det skjedde på, var ein tysdag. Tidleg om morgonen høyrde og såg ein at noko alvorleg var på gang.

Det var skyting og spetakkel i lufta, fly rasa forbi i alle retningar og røyk steig opp over haugar og fjell i retning Bergen. Noko var nok råka og sett i brann der inne. Men – kva? – det visste me ikkje. Det var lite me fekk vita for visst, men rykta byrja nokså tidleg å svirra. I det heile – det gjekk mykje rykter under krigen, dei fleste med berre lite sanningsinnhald.

Flya som strauk over oss, gjekk svært lavt og det var lett å sjå kjennemerka som var malte på vengjer og skrog – ein kvitkanta kross – Han såg tydeleg ut som eit norsk flagg, og me ungane trudde det var det òg. No var nordmennene komne på banen, tenkte me, og vinka til flygarane, som vinka att. Då me fortalde dette til dei vaksne, kunne dei opplysa at tyskarane bruka det kjennemerket som me heldt for å vera eit norsk flagg, og at det nok var fiendar me hadde vinka til.

Du kan tru det var nokon som ynskte at den vinkinga skulle vore ugjort!

 

Fragment frå boka Heime var eg viden kjent av Olav Drivenes, utgjeve av Selbjørn fiskerisogelag. Trykt med løyve frå forfattaren. Utdraget stod fyrst på trykk i avisa 9. april 2015.