Det er oransje farenivå for skogbrann, og brannsjefen seier nei til alle førespurnadar om å brenna bål i desse dagar. Illustrasjonsfoto: iStockphoto/toa55.
Det er oransje farenivå for skogbrann, og brannsjefen seier nei til alle førespurnadar om å brenna bål i desse dagar. Illustrasjonsfoto: iStockphoto/toa55.

Oransje farevarsel for skogbrann:

– Absolutt nei til bålbrenning

Brannsjef Hans Petter Bjånesøy seier at bålbrenning er uansvarleg, og viser til det oransje farevarselet om er sendt ut. Samstundes rosar han austevollingane for å vera observante på risikoen.

Måndag er det sendt ut oransje farevarsel for skogbrann. Ei glo eller ein sigarett ulmande i graset kan vera nok til at det fatnar. Brannsjef Bjånesøy viser til brannar i nærområdet vårt den seinare tida, som fort har vakse seg til krevjande hendingar å handtera for brannmannskapa.

– Me får mange telefonar med spørsmål om brenning av bål. Desse spørsmåla blir det ein kontant nei på. Å brenna bål ute no er uansvarleg, kommenterer Bjånesøy. Det er følgjeleg heller ikkje naudsynt å ringja inn, i og med at svaret gjev seg sjølv.

– Det er ikkje naudsynt å fyra opp siktagrangreiner no. Slikt kan venta, meiner han.

Litt ros

Det oransje varselet gjeld inntil vidare til og med torsdag, og betyr at ein må vera svært forsiktig med open eld.

– Følg lokale myndigheiter sine instruksjonar. Behov for førebyggjande tiltak og vernebuing skal vurderast fortlaupande av beredskapsaktørar. Vegetasjon kan svært lett ta fyr og veldig store område kan bli berørte, heiter det i varselet.

Brannsjef Bjånesøy meiner at innbyggjarane på øyane i all hovudsak har god forståing for når det er brannfare, og viser stor evne til å moderera bruken av open eld når me er inne i periodar med tørke, slik det har vore i nokre veker no. På langtidsvarselet på yr.no er det ikkje meldt om nedbør før på sundag-måndag, og då berre i moderate mengder.