Det er flott at Marsteinen skaper debatt om strandsona vår. For FrP er JA-kommunen viktig. Det handlar om å seia ja til alt det ikkje er ein god grunn å sei nei til. Dette har me med oss i alle møta me er på i planutvalg og kommunestyre.
Det er rett som Inge Halstensen seier at strandsona til Austevoll er vår store komparative fordel. Det er ho som har skapt Austevoll til Austevoll, og det er ho som kan tryggja oss som eit godt samfunn vidare, òg. Men då trengst det ein fornuftig politikk på området. Han må lagast i Austevoll av austevollingane og ikkje på eit kontor i Bergen eller i Sogn av ein statleg byråkrat.
For FrP er det viktig å skilja mellom ulike typar strandsone. Der svaberga ligg flotte og austevollingane badar og grillar om sommaren er ein type strandsone. Den er viktig å ta vare på og viktig gjera open for alle. Derfor engasjerte eg meg masse i friluftsliv og tok initiativ til at me skulle kartleggja flotte friluftsområde og sikra desse for alle. Kombinert med stor satsing på turstiar i same tidsrom har Austevoll no mykje meir å by på enn før. Og folk likar å vera aktive og ute i naturen.
Dette kan me klara samtidig som me kan seia ja til å byggja på den strandsona som ikkje er tilgjengelig. Der haug og hammar dominerer, og ikkje verken austevollingar eller byfolk har sett sin fot. Det er slik strandsone me har mest av. Denne meiner FrP det kan vera gode grunner å byggja ut. For å gje alle austevollingar tilgang til sjø gjennom flytebrygger eller naust. Ikkje berre dei rike eller dei som har arva seg ein rett.
Det er òg god familiepolitikk å sikra at folk som er fødde her kan få byggja seg eit bygg og framleis ha tilknytning til heimkommunen og familien. Dette har eg sett tydeleg med den JA-haldningen FrP gjennomførte i Austevoll før at mange familiar finn gode løysingar. Og så dukker alltid argumentet om at strandsona då blir privatisert. For det fyrste er strandsona allereie i privat eige. Og når det er tilrettelagt, opnar dette opp strandsona for mange. Familie, vennar og vanlege folk som kjem forbi. Folk som koser seg i strandsona i Austevoll er faktisk gjestfrie og hyggelege.
Det er viktig for Austevoll-samfunnet å gje folk tilgang til sjø. I ein øykommune der alle næringsliv er tilknytt, sjø treng våre ungdommar å læra seg sjømannskap, læra seg å symja osv. Ingenting gler meg meir å sjå enn ungar som kjører gule, grønne og blå båtar langs rorbuer kommunestyret har godkjent. Det gjer meg optimistisk på framtida. Og eg ser mange har besøk i desse rorbuene. Det myldrar av liv og strandsona er opna opp. Før disse rorbuene kom var det ingen i desse områda. Ingen.
Så er det viktig for Austevoll å sikra næringslivet areal. Og som kongen i Københamn sa i 1648 når han plukka ut Bekkjarvik til eitt av fleire kremmerleier. Bygg så nære søen som mulig. Dette fordi sjøen den gang som no var det som bant oss saman. Næringslivet vårt skal utvikla seg og då må kommunen sikra areal. Og vårt næringsliv treng å snu seg rundt raskt og har ikkje tid å vente på kommuneplanar som tek åtte år å endra. Dei må gripa moglegheitene når dei er der.
Dei treng lokale politikarar som er på lag. Dei treng ein kommune som ynskjer vekst og utvikling og som møter og rettleiar innbyggjarane og næringslivet på kva som er mogleg. Kommunen må alltid vita at dei er til for austevollingane og ikkje statsforvaltaren.
Den politikken Austevoll har hatt i strandsona sidan årtusenskiftet har tent oss godt. Me har fått mange flotte område langs sjøen som pyntar opp, mange fleire enn før har fått tilgang til sjø, friluftsområde og turområde blir meir satsa på, dei flottaste områda blir ikkje nedbygde, men utvikla. Dette er ein politikk me treng meir ikkje mindre av.
Helge André Njåstad, leiar Austevoll FrP og kommunestyrerepresentant