Ein torsdag i mars er det duka for støttekonsert for Johanna Alvsåker (33), som i førre veke reiste til Tel Aviv i Israel for neste steg i kampen sin mot den ulækjelege kreftdiagnosen sin. Med pappa Audun som kulturskulerektor og stadige musikkquizar i heimen, har musikk alltid vore ein viktig del av livet hennar. Dessutan arva ho pappa si vinylsamling.
– Ho kan nok ha blitt påveka av meg, ja, seier Audun mellom akkordane på So Long, Marianne av Leonard Cohen. Ein av fem songar som dottera valde ut til konserten dei skal spela til inntekt for den medisinske behandlinga hennar i Israel. Det faderlege skal òg vera med på konserten i samfunnshuset på øya, saman med gode musikalske vennar særleg frå SongGalleriet.
Handlekraften
Initiativtakar Maria Rabben seier ho er dårleg å kora, og tek helst over fyrstestemma.
– Eg er i grunnen ikkje særleg musikalsk, smiler ho.
Likevel var det den naturlegaste tingen i verda å bretta opp erma då Johanna gjorde spleisen sin offentleg.
– Eg har sjølv erfart korleis er det er å stå hjelpeslaus overfor kreftsjukdom. Eg mista far min på den måten. Men denne gongen var det faktisk noko me kunne gjera. Det var naturleg å tenkja musikk, sidan me har samarbeidd med Audun, seier Maria mellom tonane.
Hos Audun vert det sjølvsagt teke imot som den mjukaste ballade.
– Det har vore rørande å sjå engasjementet. I tillegg var det slik at me skulle ha konsert saman med SongGalleriet då Johanna fekk diagnosen sin. Det var mykje omsorg frå dei andre musikarane den gongen, og det hjelpte meg mykje.
– Og det gjer musikken uansett. Det er god mentalhygiene å syngja ut skiten, eller spela han ut eventuelt for dykkar del, nikkar Maria i retning trommis Svein Arne og gitarist Audun.
Sissel Fagerbakke har sjølvsagt òg ein finger med i spelet med arrangementet. Ho fortel at folk sjølve har teke kontakt og spurd om å få vera med på støttekonserten.
– Målet er at me skal ha 0 kroner i utgifter og at alle billettpengane skal gå til Johanna, seier Sissel til lokalavisa.
Gjengen på Samfunnshuset på Hundvåkøy stiller opp på dugnad som berehjelp, rigging og utvask med meir. Arrangørane opplyser at dei er veldig takksame for den hjelpa.