Frå venstre: Finn Dyngvold (tidlegare medeigar Austevoll Forlag), Henning Johansen (styreleiar PM Vest Utvikling), Magnus Stangeland (aksjonær i Flyfisk AS og tidlegare styreleiar i Marsteinen), Bente Stangeland (Dagleg leiar Flyfisk AS) og Reidar Hystad (Dagleg leiar Sunnhordland)
Frå venstre: Finn Dyngvold (tidlegare medeigar Austevoll Forlag), Henning Johansen (styreleiar PM Vest Utvikling), Magnus Stangeland (aksjonær i Flyfisk AS og tidlegare styreleiar i Marsteinen), Bente Stangeland (Dagleg leiar Flyfisk AS) og Reidar Hystad (Dagleg leiar Sunnhordland)

Polaris Media Vest Utvikling AS kjøper:

Marsteinen får nye eigarar

Magnus Stangeland og Finn Dyngvold  i Austevoll Forlag gjev stafettpinnen vidare til eitt av Skandinavias største mediehus, etter 28 år på eigarsida.

–  Me har gjort ein grundig vurdering av kva som er best for Marsteinen i framtida og me er glad for å kunna informera om at me no har valt ein eigar som me veit er langsiktig, og som forstår verdien av å satsa for å utvikla lokalavisa vidare, seier Magnus Stangeland og Finn Dyngvold.  Dei tidlegare eigarane har selt alle aksjane sine til Polaris Media Vest Utvikling AS  (PM Vest Utvikling), som er deleigar i blant anna Mediehuset Sunnhordland. Både seljarane og kjøparane er tydelege på at konkurransen i både lesar- og annonsemarknaden er aukande, noko som stiller høge krav til nye produkt, teknologiske løysingar og til staben òg i åra som kjem. Styreleiar i PM Vest Utvikling , Henning Johansen gler seg over at selskapet fekk kloa i Marsteinen.

– Avisa blei etablert i 1978 og det er ingen tvil om at staben har gjort ein god jobb når det gjeld å laga ei lokalavis som lokalfolket set pris på. I ein kommune med 2000 hushaldningar er det ein sterk prestasjon å ha eit godkjent opplag på 2000 eksemplarar. Dessutan er Austevoll kommune med sitt imponerande næringsliv ein av landets fremste innan verdiskaping, sysselsetting og kjøpekraft. Me har stor tru på at me på ein god måte kan støtta staben i Marsteinen i den vidare utviklinga av avisa, seier Johansen.  Han legg til at lukkast dei med dette vil det gje grunnlag for auka inntekter frå digitale abonnement og annonsar, og dermed bidra til ein meir robust og langsiktig finansiering av avisa.

Lokalavisa skal framleis ha fullt redaksjonelt fokus på Austevoll, og som fiskeriavis for ytre strøk av Vestland. Marknadsrådgjeving og annonsesal skjer òg lokalt, men når det gjeld utvikling av nye konkurransedyktige produkt er lokalavisa avhengig av tettare samarbeid med større utviklingsmiljø, avsluttar dei nye eigarane.