Hege Solbakken er sikkert på at breitt samansette leiargrupper fungerer best.
Hege Solbakken er sikkert på at breitt samansette leiargrupper fungerer best.

Hovudjegeren Hege:

– Mangfald gjev betre leiing

Både den daglege leiinga og styreromma blir betre rusta om ein satsar på variasjon i bakgrunn og kompetanse. Rekrutter kvinner og menneske med andre etniske bakgrunnar. Jamvel introverte han bringa verdifulle einskapar til bordet.

Hege Solbakken har kasta seg på Arne-bylgja. Ho som eigentleg starta i Nederland, men har slått ringar i vatn heilt opp til oss. Anita Krohn Traaseth kasta den fyrste steinen her på berget.

– Toppleiarbarometeret viser at berre 14 prosent av toppleiarane i dei 200 største selskapa i Noreg er kvinner. Det er berre 11 prosent styreleiarar i dei same selskapa, seier Arne Hege Solbakken, som ho kallar seg på LinkedIn til Marsteinen.

Austevollingen som er toppleiar i konsulent- og rekrutteringsselskapet Jefferson Wells sine norske operasjonar, sit nærare nøkkelen til betre styrerom og dagleg leiing enn dei fleste.

– Når me er inn i eit oppdrag appellerer me til å ikkje høyra på magekjensla. Då endar ein ofte opp med kandidatar som liknar mykje på ein sjølv, smiler Solbakken over ein fersk mandelbolle og nytrekt morgonkaffi. Ho held til eit knapt steinkast frå jernbanestasjonen i Bergen, der rekrutteringsgigantane som er ein del av Manpower-gruppa, leiger kontor av eit av Bergen sine mest tradisjonsrike reiarlag. Som toppleiar har ho ansvar for eit budsjett på fleire hundre millionar kroner, og hovuddelen av aktiviteten er utleige av personell innan teknologi-  og økonomitenester. Rekrutteringsavdelinga representerer fjerdedelen av selskapet, og har om lag 45 medarbeidarar knytt til seg.

Breidde, breidde, breidde

Hege Solbakken er inne i det 50. leveåret sitt, og har via roller som politisk rådgjevar og statssekretær i regjeringsapparatet og fleire leiarroller det siste tiåret, opparbeidd seg tung kompetanse på leiarskap.

– Det vart likevel nærast på slump at eg enda opp i akkurat denne bransjen. I den førre jobben min var eg i tospann med ein mann som var veldig grundig på research, medan eg er meir av den utålmodige sorten. Me utfylte kvarandre særs godt, og vart på mange måtar eit radarpar, smiler Hege. Avdøydde Nils Arne Eggen ville snakka om komplimenterande eigenskapar i fotballaget sitt. Noreg hadde til og med på sitt beste fotballspelarar på landslaget som var best utan ball. Tenkjer ein eit lag i ein organisasjon i næringslivet, er det eit av kjernespørsmåla Jefferson Wells kjem innpå når dei kartlegg kva eigenskapar leiar- eller styremedlemsemnet oppdragsgjevarane søkjer etter skal ha.

–  Mangfald er noko me gjerne forsøkjer å stimulera til. Til og med utlysingstekstane i annonsar er viktige for å appellera breitt. Ord som konkurranseinstinkt, dominant har ein meir maskulin klang, medan lagspelar, samarbeidsevne kan føra til at fleire kvinner søkjer på dei aktuelle stillingane, seier Hege Solbakken til Marsteinen.

Hovudjeger Hege meiner at det ikkje berre er til dømes kompetanse, kjønn eller etnisk bakgrunn som kan bidra til eit breiare samansett lag.

– Kva med til dømes meir introverte personlegdomar?

– Dei kan ofte bidra med å vera gode lyttarar, og kan vera i stand til å stilla dei viktige, kritiske spørsmåla til slutt. Ofte kan det kanskje vera mindre populært, seier ho.

Brautande bergensarar

Framleis er heng det likevel ein del fordommar og gamle strukturar att i næringslivet. Sjølv kunne ho sjå at mange høgt kvalifiserte medstudentar måtte reisa austover for å få relevante stillingar. Noko av dette trur ho har endra seg.

– Bergensk næringsliv har opna seg meir opp for talenta enn for to tiår sidan, meiner ho. Særleg kan dette ha gjort seg gjeldande i shipping, som tradisjonelt har vore ei nettopp konservativ næring.

I områda rundt vestlandets hovudstad lever likevel førestillingane vidare.

– Mange gongar får me høyra tidleg i prosessen at oppdragsgjevarane i alle høve ikkje ynskjer nokon høgrøysta, brautande bergensarar.

– Kva med høgrøysta austevollingar, då?

– I Austevoll har det vore greitt å vera direkte og høgrøysta, seier Solbakken og viser til fiskeria og kulturen som har opparbeidd seg i kjølvatnet etter dei.

Sjølv har Hege aldri slutta å vera austevolling, og ser for seg at ho kan nytta endå meir tid på heimøyane når ho pensjonerer seg.

– Å bu i Austevoll er noko eg ser for meg i eit 20-årsperspektiv, seier ho og fortel om glede ved å rasa rundt smale sund og viker som passasjer når avkommet hennar tek laus i den vesle Hasle-båten deira, med brølande påhengs skrudd fast bakpå.

– Jo mindre og nærare vassflata, jo meir vind i håret og salt i andletet, jo betre, gliser Hege med glimt i augo. Større lystfartøy er ikkje noko ho traktar etter.

– Og så fiske då. Barna mine er veldig interesserte, og heldigvis er både nevøen min og onklane veldig klare på å ta dei med og dela kunnskapen sin.

Austevoll kraftlag fekk på si side ikkje nokon brautande bergensar då dei hyrte inn Hege og kompani for å rekruttera ny administrerande direktør.

– Det var tydeleg at Austevoll er interessant for høgt kvalifiserte menneske utanfor kommunen, seier ho og viser til ein solid bunke interessante søkjarar.

Den akademiske verda

Ein marknad selskapet til Hege har spissa kompetansen sin, er akademia. På høgskular og universitet er det ofte andre aktivitetar enn leiing som gjev skulderklapp og anerkjennande nikk i instituttkorridorar eller på akademiske konferansar.

– Ofte er det heller kor mange artiklar og vitskaplege publikasjonar ein får publisert som gjeld. Og det har som oftast ingen samanheng mellom dette og god leiing, seier hovudjegersjefen til Marsteinen.

– Me har kartlagt leiarane hos alle dei akademiske institusjonane i Skandinavia, seier ho. Det fungerer meir som eit grunnkart, men utan at skjer i sjøen og høgder i landskapet er kjent. Til det trengst det endå sterkare verktøy.

I næringslivet treng sjølvsagt endringar i det Hege kallar risikobiletet, ulike formar for kompetanse og eigenskapar i leiinga. For dei blå næringane kan auka driftskostnadar, skatteregime og endringar i marknadstilgangen gjera ferda vidare for meir usett for ureint farvatn enn mange av åra me kan sjå forsvinna i kjølvassfaret vårt. I andre bransjar kan det vera innleige som kan stikka kjeppar i hjula.

– I bygg- og anleggssektoren vil det til dømes vera krevjande om ordninga med mellombels tilsettingar og innlegge vert strama inn på, seier Hege og peikar på rammevilkår som kan vera i endring alt etter kva samansetting fleirtalet på Stortinget har. I tillegg kan dei som styrer Staten kanskje skapa krøll for seg sjølv, i og med at dei sjølve har nytta seg ekstensivt av eksterne rådgjevarar særleg innan for IT-fagfelta for å få fart på digitaliseringa.

Håp i hengjande CV

Hege fyrst og fremst er leiar for verksemda til Jefferson Wells, men har altså klare tankar om korleis du kan endra kulturen frå ein slags slik har me alltid gjort det, til ei meir dynamisk tilnærming. Samstundes må medarbeidarane spelast gode, og få rett til å vera med på å påverka retninga.

– Som leiar gjer du deg fortent til respekt, det er ikkje noko du har i kraft av tittelen din, smiler Hege mellom kaffislurpane.

Mangfald i leiinga på verksemder gjev ofte resultat òg. I ei pressemelding fortel Dun & Bradstreet at seks av ti verksemder med omsetting på over 150 millionar har manglar kvinnelige representantar i styrene. Tala viser at det kanskje ikkje betalar seg. Styrer som har minst 25 prosent kvinner gjer det best. Dei dårlegaste resultata («resultatgrad») kjem frå bedrifter heilt utan kvinner i styret. I pressemeldinga kjem det fram at der det er kvinnelig styreleiar er resultata oppsiktsvekkjande. Der finner Dun & Bradstreet ein auke i dei økonomiske resultata på heile 30 prosent dei to siste åra.

Hege er forresten ei av fire kvinner i styret i Austevoll Seafood, der Helge Singelstad er styreleiar og vert komplementert av to menn til.

Hos Jefferson Wells er i alle høve Hege Solbakken innforstått med at gode resultat ofte kjem frå meiningsbrytning og evne til å sjå på utfordringar frå ulike vinklar.

– No er det kanskje òg slik at dei som berre går for å utnemna svogeren til styremedlem, heller ikkje er dei som tek kontakt med oss for å få tak i nye styremedlemmar, avsluttar jo med eit glimt i auga på veg ut i den friske bergensføremiddagen til eit nytt møte.