Statsforvaltar Lars Sponheim ser fram til å bli pensjonist frå i sommar. Foto: Kaia Viki, NRK
Statsforvaltar Lars Sponheim ser fram til å bli pensjonist frå i sommar. Foto: Kaia Viki, NRK

Lars Sponheim gler seg til å bli kårkall – har aldri lengta tilbake til politikken

Lars Sponheim blir pensjonist frå i sommar og ser fram til å bli kårkall og gardsdreng på garden i Ulvik. Han seier han aldri har lengta tilbake til politikken. – Det gjekk ganske greitt etter at eg skrudde ned adrenalinpumpa eit par hakk.

Den tidlegare Venstre-leiaren blei for nøyaktig eit år sidan alvorleg sjuk med ei hjernebløding og har sidan vore heilt og delvis sjukmeld. Frå 1. mars var han tilbake i full jobb som statsforvaltar i Vestland. Men dagen etter kunngjorde han at han går av 1. juni og blir pensjonist.

Frå 1. januar 2019 blei dei to fylka Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman, og dei to fylkesmannsembeta blei til statsforvaltaren i Vestland. Lars Sponheim som hadde jobben som fylkesmann i Hordaland, blei då statsforvaltar i Vestland. Han meiner samanslåinga er ei løysing som begge dei to fylka har vore godt tente med.

– Overraskande bra

– Det har gått overraskande bra. Som statsforvaltar for Vestland meiner eg at det har vore ei vellukka samanslåing. Me har klart å skapa ein raus kultur der me har tatt særskilt omsyn til at det gamle Sogn og Fjordane ikkje skulle køyrast over.

Samtidig har det vore lite kritikk i media, og det tolkar Sponheim som eit godt teikn.

– Eg kan ikkje seia noko om kva folkemeininga er, men er sjølv ikkje i tvil om at statsforvaltaren i Vestland er ein suksess. Kvaliteten på tenestene me leverer har gått opp, og me er blitt fagleg sett meir robuste. Dette trur eg også folk der ute har merka seg, seier han.

Låg profil

Lars Sponheim, som blir 65 år i mai, blei for alvor kjend då han etter stortingsvalet i 1993 valde å gå til fots frå garden i Ulvik til Stortinget i Oslo. I 1996 blei han vald til partileiar og leia partiet heilt til han trekte seg etter eit dårleg valresultat i 2009. I mellomtida var han både nærings- og handelsminister og landbruksminister.

Som politikar var han kjend for å vera både fritalande og ikkje minst for sin bruk av humor. Blant anna er han kjend for å ha vore den som fyrst tok i bruk nemninga «harryhandel» om dei som drog til Sverige for å handla. Og då han skulle kommentere eggmangelen fram mot påske eit år, uttalte han at «det hadde vore fint om det var slik at kvar mann si høne.»

Sidan han trekte seg som Venstre-leiar i 2009 har Lars Sponheim halde ein låg profil i media. Eit raskt søk på Google gir lite informasjon om kva som har skjedd sidan han gjekk ut av politikken.

– Det er ikkje mykje du finn om meg dersom du går inn på nettet. Eg er ikkje den som pratar om private ting i media. Det har eg vore veldig bevisst på, og eg har hatt god sjølvdisiplin desse åra, seier han.

Dramatisk hjernebløding

Ein av dei få tinga som er skrive om han dei siste åra, er hjerneblødinga som fann stad for eitt år sidan.

– Eg sat i eit møte då eg fekk ei hjernebløding. Det var veldig dramatisk, og det var ikkje sjølvsagt at eg skulle overleva. Det er klart at ein gjer seg sine tankar og stoppar opp for å tenkja, når livet tar ein så brå vending som dette, seier han.

Sponheim har brukt det siste året på opptrening etter at han blei lam på heile venstre sida, og meiner han er halvvegs i mål når det gjeld det fysiske.

– Det kognitive er akkurat som det alltid har vore, men når det gjeld det fysiske, så må eg nok trena vidare for å bli den same mannen som eg var før dette skjedde. Akkurat no klarer eg å gå innandørs utan hjelpemiddel, men ting tar tid når ein har vore gjennom noko slikt, seier han.

Blir sauebonde på heiltid

Sponheim seier han aldri har lengta tilbake til politikken etter at han gav seg for tolv år sidan.

– Det gjekk ganske greitt etter at eg skrudde ned adrenalinpumpa eit par hakk. Eg har trivest med å vera utanfor politikken i jobben som statsforvaltar. Samtidig har eg hatt god bruk for den erfaringa eg opparbeidde meg gjennom åra som partileiar og statsråd.

No ser han fram til å bli sauebonde og kårkall på familiegarden i Ulvik i Hardanger.

– Me har 220 sauer her på garden, så det er nok av oppgåver å fylle tida med, seier Lars Sponheim.