Lotteriet er eit prøvetakingssystem som tilfeldig vel ut både fangst og fartøy gjennom den elektroniske fangstdagboka. Sjølve lotteriet starta i 2018 og har utvikla seg til å gjelda sild, kolmule, makrell, augepål, brisling, tobis, hestemakrell, vassild og lodde. Sidan 15. januar 2021 har ordninga vore obligatorisk for alle fartøy som melder inn fangstane sine elektronisk.
I 2020, altså året før fangstprøvelotteriet vart obligatorisk, fekk forskarane 55 prosent av prøvene dei hadde bestilt, opplyser Havforskingsinstituttet på nettsidene sine.
Deltakinga gjekk litt opp etter at det vart obligatorisk, men ikkje så mykje som forskarane hadde håpa på. I 2021 fekk forskarane inn litt over 60 prosent av prøvene dei bestilte, viser førebelse tal.
Tal frå fangstprøvelotteriet er ein del av grunnlaget for kvoteråda på ei rekkje bestandar.
Sjølv om det berre er litt meir enn 60 prosent av dei bestilte prøvene som faktisk blir leverte, varierer dette talet mellom artane som er med i ordninga. For tobis ligg det på cirka 75 prosent.
– Me vil òg understreka at det er næringa sjølv som vil nyta fordelen av ei ytterlegare forbetring av prøvetakinga. Målet må vera at 100 prosent av dei bestilte prøvene blir tekne og kjem fram, seier havforskar Håkon Otterå.