Arrangementet fann stad i Haukelandshallen i Årstad bydel i Bergen. Totalt vart det konkurrert i dei tre klassane gutar, jenter og mix. Kapteinane på dei to laga Matteus Danos Vinnes og Thea Våge tykkjer det var ein gøy oppleving å vera med på meisterskapet.
– Me hadde ikkje trudd med skulle koma så langt. Det er gøy og me slepp skulen, smiler Matteus, som elles spelar fotball, og Thea, som er aktiv innan symjing på fritida.
– Det har vore ungdomsskulemeisterskap i volleyball i Hordaland i mange år, og Austevoll ungdomsskule har hatt for vane å delta med to lag i mix-konkurransen, fortel lærarJon Einar Kvåle som var med til turneringa som coach.
Så vart det koronastopp i to år, men stilte att også i år med to lag i mix-konkurransen.
Eit mixa lag betyr at det er tre gutar og tre jenter på banen, og dei to laga til ungdomsskulen bestod av fire gutar og fire jenter kvar.
– Dei vart uttekne blant elevar som spelar volleyball i lunsjpausen, fortel Jon Einar og held fram: Det er det høve til tre dagar i veka, og alle elevane kan vera med om dei har lyst.
– Det var flott stemning på veg heim att frå turneringa, då me ikkje forventa å gjera det så godt, avsluttar Jon Einar Kvåle.