Grasbrannen er under kontroll, men var farleg nær busetnad på Hundvåkøy.
Grasbrannen er under kontroll, men var farleg nær busetnad på Hundvåkøy.

Flammane nærma seg husa:

Grasbrann på Hundvåkøy

Bålbrenning gjekk ut av kontroll, og ved tørt gras og i samband med vind spredte det seg raskt. Lynrask varsling til brannvesenet hindra større skade. Brannen er no under kontroll.

Måndag føremiddag kom bålbrenning ut av kontroll ved krysset ved Tråvikvegen og Austevollhellevegen på Hundvåkøy. Flammane spreidde seg i to retningar og gjekk mot bustadar og bygningar i nærleiken.

– Takka vera rask varsling har me dette under kontroll, for dette har vore tidskritisk. All ære til varsling i grevens tid, ellers kunne dette vore særdeles farleg, seier politistasjonssjef Vidar Mjåtvedt.

– Me er i dialog med ein person som har status som mistenkt for uaktsom brenning, informerer Mjåtvedt.

Brannsjef Hans Petter Bjånesøy understrekar at no er det veldig tørt på bakken og det er veldig viktig at publikum ikkje brenn no. Politisjefen er likeins med brannsjefen på fri.

– Sjølv om det er på fritida, må alle trø til der det skjer, seier han.

Det gjekk bra denne gongen, men vent med brenning, det er meldt regn til helga, informerer brannsjefen.