Produksjon av laksefilet. Fleire fiskeindustribedrifter ønskjer seg fleire fast tilsette året rundt, men er det mogleg å få til når teknologien krev færre folk og råstofftilgangen er ustabil? Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB /NPK
Produksjon av laksefilet. Fleire fiskeindustribedrifter ønskjer seg fleire fast tilsette året rundt, men er det mogleg å få til når teknologien krev færre folk og råstofftilgangen er ustabil? Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB /NPK

Trur ikkje fiskeindustrien kan redda kystsamfunn åleine

Fiskeri har ikkje lenger så stor betydning for busetnaden langs kysten. Potensialet til å vera distriktsbyggjar blir mindre og mindre. Fleire typar verksemder må til for å snu negativ folketalsutvikling, meiner rådgjevar og forskar.

Kan fisken skapa meir liv på land, og er det realistisk å tru at meir tilverking i Noreg vil skapa meir levedyktige fiskerisamfunn når ein allereie har vanskar med å få tak i nok arbeidskraft i fiskeindustrien?

Det var temaet på eit webinar i regi av Fiskeribladet og Intrafish nyleg. Meiningane var mange.

I dag blir sju av ti fisk sendt ut av landet utilverka. Slik går norsk sjømatnæring glipp av 30 milliardar kroner og tusenvis av arbeidsplassar, ifølgje utrekningar Norges sjømatråd har gjort.

For villfanga fisk kunne me auka eksportverdien med ti milliardar kroner om me fileterte fisken i Noreg. For norsk laks kunne eksportverdien auka med 20 milliardar kroner viss me fileterte laksen her.

Interessa for fiskerijobb har dala

Ei verksemd som vil ha fleire folk, er Tobø Fisk i Havøysund. Dei driv med både ferskpakking av fisk og filetproduksjon. Dei har også litt levandelagring av villfanga torsk og linedrift på hausten for å skapa heilårleg aktivitet. Verksemda har 20 fast tilsette og om lag 40 sesongarbeidarar.

– Eg ynskjer meg både fleire faste og fleire sesongarbeidarar. Me har stort sett henta arbeidarar frå Latvia og Polen, men befolkninga der er blitt rikare og levestandarden har gått opp. Det er blitt vanskeleg å vera nok attraktiv til at dei vil komme og jobba i fiskeindustrien. Interessa har dala, og me må no rekruttere folk frå heile Europa, fortalde dagleg leiar i Tobø Fisk Even Johansen på webinaret.

– Alle som kjem og jobbar for oss, ser me som potensielle nordmenn og potensielle havøysundborgarar. Me er ein viktig rekrutteringskanal for befolkningsutviklinga i Havøysund og kommunen. Men mange vil helst jobba mest mogleg i sesong og så reisa heim til sitt. Me har i to år hatt eit mål om å gå over til to skift, men då treng me mykje meir folk, sa Johansen.

Må ha nok råstoff heile året

Han trur det er realistisk å få til fleire heilårs arbeidsplassar, men større tilgang på råstoff heilt avgjerande.

– Må må ha fisk for å produsera, understreka Johansen.

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) kjenner situasjonen slik Johansen skildrar han, og deler bekymringane hans.

– Eg trur me alle fekk ei god påminning gjennom pandemien om kor avhengige me er av utanlandsk arbeidskraft. Me i NNN er opptekne av at det må leggjast til rette for at det kan vera fleire heilårsjobbar slik at folk kan etablera seg i Noreg og at me kan bli mindre avhengige av at folk reiser fram og tilbake over grensa, sa forbundsleiar i NNN, Anne Berit Aker Hansen.

Ho trur norsk fisk framleis kan skapa liv langs kysten, men at det må gjerast både politiske og teknologiske grep. Ho trur også fiskeindustrien kan bli meir attraktiv for nordmenn.

– Det meiner eg me må ha som ambisjon. Men det aller viktigaste er sjølvsagt råstoffet. Viss ein har tilgang til råstoff heile året, så klarar verksemdene å ha heilårsdrift. Då kan ein byggja opp ein base av faste tilsette og satsa på kompetanse og teknologi. Og då blir det ei heilt anna bedrift enn ei som berre har hovudgeskjeften sin i ein kort vintersesong, sa Aker Hansen.

Ho trur det er potensial for å flagga heim mange av arbeidsplassane som i dag er i fiskeindustrien i utlandet.

– Fiskeripolitikken må sjå heile verdikjeda

– Me har både teknologi og kompetanse til å ta steget frå å vera råvareleverandør til å foredla fisken meir her heime og så selja produkt rett ut i butikk. Det er mogleg å utnytta restråstoffet betre og gi verdifulle produkt og arbeidsplassar i Noreg, sa forbundsleiaren.

Ho meiner norsk fiskeripolitikk fram til no har vore mest på fiskaren si side.

– Me må no sjå på korleis me regulerer fisket, og me må få ein jamnare tilgang til råstoffet der det er mogleg. Det er ingen industribedrifter på land som kan investera og halda på dersom dei ikkje har råstoff å foredla. Politikken kan ikkje stoppa på kaikanten. Me må ha eit heilskapleg verdikjede-perspektiv, sa Anne Berit Aker Hansen i NNN.

– Fiskeri ikkje lenger avgjerande for busetnad

Det er rådgjevar og tidlegare forskar i Nofima, Edgar Henriksen, samd i, men han tvilar på at ein klarar å snu trenden med aukande eksport av utilverka fisk. Han ser heller ikkje føre seg at mange fleire kan sysselsetjast i fiskeindustrien når ny teknologi gir mindre behov for fleire hender i arbeid.

– Utviklinga dei siste 20 åra er at ein stadig større del fersk og frosen fisk blir eksportert uforedla. Industrien er blitt meir mekanisert, og produktiviteten har gått opp. Når det er avgrensa ressurstilgang, fører auka produktivitet til at det blir stadig færre som jobbar både på sjø og land, sa Henriksen.

Han trur fiskeindustrien sitt potensial til å vera distriktsbyggjar blir mindre og mindre.

– Fiskeri har ikkje lenger så stor betydning for busetnaden langs kysten. Utviklinga i fiskerikommunar skil seg ikkje så mykje frå andre kommunar med same folketalsutvikling. Det er vanskeleg å sjå føre seg at fiskeindustrien skal bli ei næring som aukar arbeidsstokken til gamle høgder. Fiskeria kan ikkje bere kystsysselsetjinga aleine. Det må inn fleire typar verksemder for at ein skal klare å bryta utviklingstrendane som ein har sett fram til i dag. Men eg er samd i at med meir råstoff på land over lengre periodar, så er potensialet for auka heilårsdrift og busetjing større, sa Edgar Henriksen.

Om ein månad kjem Sjømatindustriutvalet, også kalla Tveteråsutvalet, med ein heilt ny rapport om norsk fiskeindustri. Mange er spente på om den vil endre norsk fiskeripolitikk framover.