MDGs Birthe Wessel meiner at urørt strandsone har større verdi og tiltrekkingskraft enn ei utbygd ei. Illustrasjoinsfoto.
MDGs Birthe Wessel meiner at urørt strandsone har større verdi og tiltrekkingskraft enn ei utbygd ei. Illustrasjoinsfoto.

Lesarinnlegg:

Nei Inge, me treng ikkje å byggja i strandsona for at folk skal villa bu i Austevoll

I Marsteinen førre veke kan ein lese at Inge Halstensen er bekymra for det framtidige folketalet i Austevoll. Han seier at nøkkelen for å ta vare på folketalet er enklare tilgang til å byggja i strandsona. Det er eg heilt ueinig i. Eg meiner tvert i mot at vi må bevare strandsona om vi ønsker at folk skal busette seg her.

Eg og familien min valte i 2002 å busette oss i Austevoll, fyrst og fremst fordi mannen min fekk ein spanande jobb på Austevoll kraftlag. Der arbeidde han i 10 år, før han fann nye utfordringar i Bergen. Sjølv er eg utdanna både sjukepleiar og lærar, så det er ikkje særleg vanskeleg for meg å finna arbeid. Ein skulle da tru at me ville velja å flytta frå Austevoll, men me valte å bli.

Me valde å bli fordi me trivst her, fordi det er trygt for ungar å veksa opp her, fordi me likar menneska som bur her, fordi det finst spanande moglegheiter her, og fordi det er stille og fredeleg her. Eg likar å vera i naturen og eg likar å kunna sitja på eit svaberg å sjå ut på havet. Eg likar å nyta synet av dyreliv og eg likar stillheita ein berre finn i utkantstrok, og eg er ikkje åleine. I Noreg vil meir enn halvparten av befolkninga verne strandsona (Norsk Friluftsliv, 2021). Folk set pris på natur, kulturmiljø, friluftsliv og landskap. Kvalitetar det er viktige å ta vare på for fellesskapet og for generasjonane som kjem etter oss.

Strandsona er den arealtypen i Noreg som er under sterkast utbyggingspress. Bit for bit blir strandsona bygd ned. Ein tredjedel av strandsona i Norge er no allereie bygd ut, og i Bergen er 70 prosent av strandsona bygd ut. Det vil seia at det blir vanskelegare og vanskelegare for folk å finna urørt strandsone. Om ein vil vandra langs vankanten blir ein stoppa av private vegar, stengsel, hus og hytter. Vil me at det skal bli slik her i Austevoll òg?

Nei, strandsona skal vera for alle, for dei som lever no, og for dei som kjem etter oss. Ikkje berre for dei med mykje pengar og høge gjerder. Strandsona skal og vera for dyr og natur.

Strandsona er sårbar for inngrep. Her lever insekt, fisk og fugl. Artar som er viktige for det økologiske samspelet i naturen. Naturmangfaldet langs kysten er derfor ei viktig årsak til å bevara strandsona. Eit mangfald Norge som nasjon har forplikta seg til å ta vare på gjennom Naturmangfaldlova og FN-konvensjonen om bevaring av biologisk mangfald.

Argumentet til Inge Halstensen om at me må bygge meir i strandsona for at folk skal ville bu i Austevoll, skjønar eg rett og slett ikkje. I kommunar kor det har vore mykje bygging i strandsona dei siste åra, har barnetalet i skulen ofte stupt. Bygging i strandsona skapar ikkje nødvendigvis vekst i anna enn tal på hytter.

For at folk skal ville busetta seg i Austevoll treng me gode barnehagar og skoler, spanande arbeidsmoglegheiter, trygge oppvekstmiljø, god kommunikasjon til fastlandet og moglegheit for rekreasjon i urørt strandsone. Austevoll må vera ein kommune der folk ser at dei har moglegheiter og ei framtid. Det er desse moglegheitene og denne framtida me må arbeida for å bevara for å sikra vekst i folketalet i Austevoll, også i framtida.

Birthe Wessel

Representant for MDG i Austevoll kommunestyre