I ettermiddag fekk bilferja «Husavik» problem med ein av sidepropellane, eller thrusterane, om bord på veg inn til Sandvikvåg. Operasjonsleiar Bjørn G. Barstad fortel at skipperen ikkje fann det trygt nok på gå inn i det tronge farvatnet på Stordøya, og etter ei stund med feilsøking. Om bord var åtte passasjerar og fire bilar.
– Dei kunne ikkje liggja der og driva med dette så lenge det trafikkerer så mange Torghatten-ferjer. Me kan ikkje operera med defekt utstyr, seier Barstad.
Sambandet vart innstilt ut døgeret.
No skal dei henta «Solskjel» frå Sunde, men reservemannskapet er på eit anna oppdrag. Dermed må endå eit mannskap på plass, desse kjem frå Steinestø, noko som fører med seg ein del rokeringarar og tidsbruk.
– Me har vore i kontakt med thrusterproduksenten, og håpar å ha «Solskjel» eller «Husavik» sjølv inne i ruta frå i morgon torsdag, seier Barstad.