NRK og selskapet Mothership Entertainment skal spele inn ein TV-serie for ungdom der handlinga går føre seg i bygdene rundt Bergen.
Serien har fått namnet «Rykte», og hovudpersonen er ein 15 år gammal gut frå Bergen som flyttar til ei øy utanfor byen på grunn av eit rykte som ikkje gir han fred. Planen er å lage 30 episodar av serien.
Det er danske Trygve Ebbesen som skal skrive serien saman med Sigrid Kolbjørnsen, melder Bergens Tidende.
– Eg synest løgn er eit spennande tema – det at ei løgn lett ballar på seg og plutseleg blir til rykte som anten veks eller som døyr ut, seier Ebbesen til avisa. Han forklarar dette om handlinga i serien:
– Alle har budd på øya sidan dei var fødde. Dei veit kva som vil skje, kven som blir kjærastar, kven som er best i klassa, kven som er den rare. Den nye guten blir ein katalysator, han rokkar ved dei etablerte rollene og hierarkia,
Serien skal spelast inn mellom mars og juli, og premieren på NRK blir alt til hausten med 15 episodar før jul og 15 episodar etter jul.
Dei er no på jakt etter ein stad å spele inn serien, og kravet er at det er eit ekte kystmiljø ikkje langt frå Bergen. Aktuelle stader. Nordhorland, Austevoll, Askøy, Øygarden og Bjørnafjorden er aktuelle stader.
– «Rådebank» har bilar, me satsar på båtar og naust. Alle kommunane har vore veldig positive. Dei stiller opp og legg til rette, seier produsent Bolstad Strønen.