– Den siste boka vil koma ut i 2023. Historiske romanar er populære. Både norske Wessel-Aas og britiske Rees, som skriv bøker i den sjangeren er ofte lånte. Krim, som Hawkins og Jæger diktar opp, er alltid etterspurt og det er også dei store norske forfattarane som også skriv historier frå fortida, som Lars Mytting, eller Edvard Hoem og Roy Jacobsen. Dei to sistnemnde kom nett utanfor topp 10-lista frå i fjor, skriv Opdal til lokalavisa.
Peppa Gris og Sotberg
Barneavdelinga varierer stort. Dei minste vil ha bøker frå kjende karakterar som Peppa Gris eller Bukkene Bruse, medan dei eldre vil lesa som livet til Victor Sotberg, den populære TV- og YouTube-kjendisen, opplyser folkebiblioteket.
– Dei siste åra har fantastiske teikneseriar blitt eit stort fenomen der mellom anna Malin Falch sin Nordlys-serie er mykje lesen, og humoristiske teikneseriar som Hundemannen er godt likt. Krim for barn er framleis stort, men få ting er større enn einhyrningar!
Topplista, utlån Austevoll folkebibliotek
Topp 10 vaksenbøker:
- Lucinda Riley – Den savnede søsteren (2021) 17
- Tracy Rees – Timeglasset (2021) 12
- Lars Mytting – Hekneveven (2020) 11
- Katrine Wessel-Aas – Familiebånd (2021) 11
- Katrine Wessel-Aas – Sommeren på Oaktree Manor (2020) 11
- Tracy Rees – Huset på Silver Moor (2020) 10
- Emily Gunnis – Kvinnen som forsvant (2021) 10
- Paula Hawkins – Langsom ild (2021) 10
- Jørgen Jæger – Hjertløs (2020) 9
- Sofie Sarenbrandt – Syndebukken (2021) 9
Topp 10 barnebøker:
- Aubre Andrus – De magiske enhjørningene (2021) 12
- Bjørn F. Rørvik – Bukkene Bruse drar til Syden (2020) 10
- Victor Sotberg – Bare Victor (2020) 10
- Jenny Landreth – Hei Kembo 2016) 9
- Peppa Gris-boka: Ikke så fort, Georg! (2016) 9
- Malin Falch – Trollriket (2021) 9
- Géraldine Collet – 1, 2, 3, bæsj! (2017) 8
- Frida Nilsson – Ishavspirater(2017) 8
- Dav Pilkey – I fri dressur (2017) 8
- Jørn Lier Horst – Operasjon Vindkast (2014) 8