Færre døydde i drukningsulykker i fjor, men Redningsselskapet registrerte ein auke i døde etter drukningsulykker frå båt. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.com.
Færre døydde i drukningsulykker i fjor, men Redningsselskapet registrerte ein auke i døde etter drukningsulykker frå båt. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.com.

Færre døydde i drukningsulykker i fjor

75 personar omkom i drukningsulykker i fjor, ifølgje Redningsselskapets drukningsstatistikk. Det er ein nedgang på 14 prosent samanlikna med i fjor.

87 prosent av alle som drukna i fjor, var menn, medan 13 prosent var kvinner, og 4 prosent var barn og unge under 18 år.

Likevel utgjorde personar over 60 år og eldre heile 60 prosent av dødsulykkene.

– Dei frå 60 år og oppover utgjer 22 prosent av befolkninga i Noreg, og er dermed sterkt overrepresenterte på drukningsstatistikken, seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsførebygging i Redningsselskapet.

Færre døydde i samband med bading, men nesten halvparten av dei som døydde i badeulykker, var i 70- eller 80-åra. I motsetning til tidlegare år døydde ingen barn eller unge i badeulykker i fjor.

I alt 25 personar døydde i drukningsulykker frå båt, ein auke frå 20 året før. Ni personar døydde etter å ha falle gjennom isen, også det langt fleire enn tidlegare år.

– Me må 30 år tilbake i tid til 1991, då ti personar omkom, for å finna fleire drukningsulykker etter fall gjennom isen. Snittet er på tre–fire ulykker i året, seier Krangnes.