Før julaftan er det mykje som skal ordnast, kjøpast, bakast og pyntast, og mykje me føler me må. Etterpå kjem dei litt rolegare romjulsdagane, og då er det fint å kunne nyte fridagane om ein har det.
– Mitt beste tips denne jula er å invitera nokon du er glad i med på ein koseleg juleaktivitet. Det kan gi ein skikkeleg stemningsboost å vera ute i frisk luft, seier Bente Lier, generalsekretær i fellesorganisasjonen Norsk Friluftsliv.
Dei nasjonale smittevernreglane er tydelege på at me framleis kan møtast utandørs.
– I desembermørket er det ein heilt eigen stemning og ro ute i skogen som ein må oppleva, påpeiker Lier.
Bål hører til på vintertur. Foto: John Petter Nordbø
– Å koma seg ut i naturen kan vera ein fin måte å få litt avstand frå alt anna som stel merksemd i kvardagen, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT).
Klarp Solvang oppfordrar alle til å ta seg tid til pustepausar og kjenna på julefreden på tur. Han tipsar om å oppsøkja nye turmål, eller kanskje å finne på morosame uteaktivitetar for barna.
Ein er heller ikkje avhengig av snø for å gjennomføra mange av aktivitetane.
Tips til uteaktivitetar
* Ta eit isbad: Å ta eit vinterbad er sunt. Pass på tryggleiken til alle som skal bada og følg med på kvarandre. Ullsokkar og hue mens du badar er også eit lurt tips.
* Bålkos: Eit varmande bål og noko godt og varmt i koppen gir gode moglegheiter til å ta eit djupt utpust og la julefreden senke seg.
* Gå tur med hovudlykt: Utstyrt med ei hovudlykt eller lommelykt kan ein gå tur ute sjølv om det er mørkt ute. Det er noko heilt spesielt med å gå tur i mørket, og lytte til skogen.
* Nyt eit måltid ute: Anten om det er julefrukosten eller romjulsselskapet, er det spennande å prøve noko nytt. Kanskje du pakkar med favorittane får julefrukostbordet for ein frisk start på dagen, eller tar middagen på bålet om kvelden.
Kjelder: Norsk Friluftsliv og DNT