Me er heldige som har fire kunstgrasbanar og to idrettshallar i kommunen vår. Finansieringa av hallane vart delt på idretten, kommunen, tippemidlar og næringslivet. Ein skal takka idretten for at desse hallane kom i stand. Hallane er i bruk frå 08:00 til 22:00. Dei blir brukt av mange, som Austevoll ungdomskule, barneskulen på Selbjørn, Austevoll vgs. og av idretten. Det er også mange som leigar hallane i helgar til idrettslege aktivitetar, kultur og fest. Når det no kjem storhall får fleire sleppa til i fleirbrukshallen på Eidsbøen, då denne no ikkje har ledig kapasitet. Takk til alle som har bidrege til at dette truleg blir vedteke av kommunestyret i Austevoll.
Talet aktive medlemmer i idrettslag i Austevoll over 1 000. Også andre brukar hallane. Idretten i Austevoll er sjølvfinansiert, ved medlemsavgift og sponsorar. Idretten bidreg til at ungdommar får utfolda seg på fritida, og bidrar til at barn og ungdom får gode oppvekstvilkår. Den bidrar til god fysisk og psykisk helse for barn og unge som veks opp i Austevoll.
Har sjølv brukt Austevollhallen sidan den var ny, har også vore involvert i dugnadsarbeid for bowling og fotball. Ein blir glad kvar gang er i hallen eller på kunstgrasbanen, her er det latter, humør, treningsiver, meistring og idrettsglede. Idretten er svært viktig for barna. Dei tre barna våre, har opp gjennom åra fleire tusen timar på idrettsanlegget inne og ute. Ikkje berre i organisert idrett, dei møter kvarandre òg på banen i fritida.
I HIL, SIL og AIK er det svært mange som arbeider dugnad, året rundt. Seks timar per veke med trening pluss kampar, er vanleg.
«Ifølge Statistisk sentralbyrås satelittregnskap for ideelle og frivillige organisasjoner ble det utført 148.000 frivillige årsverk i Norge, hvorav 34.100 innenfor idretten. Omgjort til kroner og øre meiner SSB at dette arbeidet har en verdi på 17.3 milliarder kroner. Dette utgjør hele 62 prosent av idrettens totale verdiskapning på 27,9 milliarder kroner i 2017.I Norge utgjør ett årsverk ca 1700 timer. 34.100 årsverk tilsvarer dermed hele 58 millioner dugnadstimer.»
For idrettslaga i Austevoll er denne verdiskapinga rekna årleg til om lag 12 millionar kroner.
Idrettane ein driv med i Austevoll er blant anna friidrett, bowling, tennis, badminton, klatring, turn, aerobic, handball, volleyball og fotball.
Då ein skulle byggja fleirbrukshall på Eidsbøen var det murring. Når ein skulle byggja hallen på Selbjørn var det det same. I ettertid skulle det visa seg at desse investeringane var til stor nytte for mange. No er det så stor aktivitet i Austevollhallen, at ikkje alle får treningstid der. Derfor er det viktig at storhallen kjem på plass slik at fleire får treningstid i Austevollhallen.
Overbygde storhallar er mangelvare og vil og få ringverknader for næringslivet i Austevoll, tenkjer då på butikkar, restaurantar og overnatting. Fleire idrettslag vil leggja treningsleirar til Austevoll. Me har mange store og attraktive bedrifter i Austevoll, det er fleire som pendlar inn enn ut. Næringsliv og skulane våre ynskjer at godt kvalifiserte skal søkja jobb og gjerne busetta seg. Gode rammevilkår for barn og ungdom er svært viktig, derfor er det flott at Storhallen truleg blir vedteke i kommunestyret. Me treng sjølvsagt og eit likeverdig ferjetilbod som samanliknbare strekningar, og me vil gjerne ha Frp og andre med for og oppnå dette.
Innlegget er skrive som ein kommentar til FRP sitt innlegg i førre utgåve av avisa. Der det kjem fram at kostnaden for hallen er 47 millionar. Av dette står idretten, via næringsliv og tippemidlar for 27 millionar og Austevoll kommune for 20 millionar. Dette kom ikkje fram i innlegget til Frp.
Tore Hufthammer. For Austevoll Senterparti
(Redaktøren merkar: Ved ein inkurie kom feil tal på verdien av frivilligheita i Austevoll med på papir i dag, det rette talet er om lag ca tolv millionar kroner // Det er ikkje fatta vedtak om at hallen blir bygd, men det vert sett av 20 kommunale millionar til prosjektet om budsjettvedtaket frå formannskapet vert vedteke neste torsdag.)