Kontrollen gjekk over fire dagar i kommunane Øygarden, Austevoll og Bjørnefjorden, og resultatet var nedslåande, ifølgje Fiskeridirektoratet.
– Samanlikna med tidlegare kontrollar i same område etter at hummarfangstperioden er slutt, er dette litt nedslåande, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest i ei pressemelding
Beslaga vart gjorde mellom anna med bakgrunn i feil fluktopning, manglande rømmingshol, dårleg eller mangelfull merking og fangsting i fredingsområde for hummar, skriv Fiskeribladet.
Hummarfisket sør for Stad vart avslutta 30. november, men held fram til 31. desember nord for Stad.