– Austevoll kommune opplever framleis stigande treng når det gjeld smittetal av Covid, heiter det i forslaget frå Franstegspartiets Renate Møgster Klepsvik.
– Kommunestyret er kjent med påtrykk frå FAU og at Austevoll ungdomsskule, Selbjørn barneskule og Storebø barneskule har klar tverrfaglege prosjekt som eignar seg for digital undervisning ved klarsignal for heimeskule måndag 20.desember og tysdag 21. desember.
– Ved å gje klarsignal om dette, kan ein unngå at elevar eller tilsette hamnar i karantene som gjer at dei må feire jul aleine. Austevoll kommunestyre meiner det beste og tryggaste for både elevar og tilsette er å unngå sosial samling som gjer at smitta spreier seg. Det at kommunen i tillegg slit med tilgang på hurtigtestar slik at elevar og tilsette ikkje lenger kan gjennomføra rutinemessige testar, styrkar trua på at heimeskule er den beste løysinga for desse to dagane, heiter det i framlegget frå Frp. Dette fekk ho støtte frå dei andre partia i kommunestyret på.
Vedtak: Med heimel i smittevernlovas §4-1 vedtek Austevoll kommunestyret at Austevoll ungdomsskule, Selbjørn barneskule og Storebø barneskule gjennomfører digital undervisning i veke 51. Skulane vurderer sjølv om det er hensiktsmessig å halde SFO open for dei minste eller sårbare grupper. § 4-1.Møteforbud, stenging av virksomhet, begrensning i kommunikasjon, isolering og smittesanering Når det er nødvendig for å forebygge en allmennfarlig smittsom sykdom eller for å motvirke at den blir overført, kan kommunestyret vedta a) forbud mot møter og sammenkomster eller påbud om andre begrensninger i den sosiale omgangen overalt der mennesker er samlet, b) stenging av virksomheter som samler flere mennesker, f.eks. barnehager, skoler, svømmehaller, flyplasser, butikker, hoteller eller andre bedrifter og arbeidsplasser – eller begrensninger i aktiviteter der, c) stans eller begrensninger i kommunikasjoner, d) isolering av personer i geografisk avgrensede områder eller andre begrensninger i deres bevegelsesfrihet i opptil sju dager om gangen, e) pålegg til private eller offentlige om rengjøring, desinfeksjon eller destruksjon av gjenstander eller lokaler. Pålegget kan også gå ut på avliving av selskapsdyr, utrydding av rotter og andre skadedyr, avlusing eller annen smittesanering.