Klokka 10 gjekk "Østerfjord" for fyrste gongen under Austevollbrua nyttårsaftan.
Klokka 10 gjekk "Østerfjord" for fyrste gongen under Austevollbrua nyttårsaftan.

– Gler oss til å prøva snurrevaden

«Østerfjord» kom heim i blåtimen nyttårsaftan. Den kombinerte line- og snurrevadbåten var motteken med flagg og fotografering på Austevollbrua. Alt sundag dreg dei vidare for å henta bruk i Ålesund.

Om det ikkje vart hornmusikk og sjampisdåp og like stor tettleik på kaien som me er vande med, stimla likevel familie og andre interesserte saman på Austevollbrua då nye «Østerfjord» stemte i fløyta på veg forbi Pirholmen med kurs for heimehamna Torangsvåg.

Vel fortøydd, fekk interesserte utstyra seg med latekshandskar, munnbind og høvelege blåsokkar for å bisna kring den velvaksne line- og snurrevadbåten.

Olav Endre Østervold spekulerer i om dei kan få fylt lasterommet til randa med bruk av snurrevaden. Gamlebåten var rein linebåt.

– Dette er slett ikkje noko ringnótbåt, og me ynskjer å ta vare på mannskapet, slik at dei klarar å stå i jobben heile yrkeslivet sitt, sa styrmann Olav Endre Østervold, barnebarnet av reiarlagets grand old man Olav H, og son av Olav O. for dei som treng kjapp innføring i Olav-rekkja.

For her om bord trengst det mannemakt frå agning til frysing, sjølv om særs mykje av det tunge arbeidet frå gamlebåten no er ein saga blått.

– I fryserommet var det mange tunge tak, medan no vert det å køyra ferdig lasta paller på plass, seier Olav Endre i ein ørliten eim av amoniakk i lasterommet, som kan romma inntil 600 tonn frosen vare. I den gamle var lastekapasiteten om lag det halve.

– Me kan bruka inntil seks veker på ein tur, men det vert spanande å prøva ut kor effektiv snurrevaden er, kanskje me då kan fylla opp lasterommet, seier styrmannen med forventning.

Båten dreg altså vidare til Ålesund på sundag, der det vert teke om bord bruk og siste justeringar av automasjonen om bord vert gjort før storhavet ventar.

– Har du høgdeskrekk? spør reiar Olav O. og peikar nedover mot moonpoolen om bord.