Inger Marie Møgster fekk Austevoll kommune sin frivilligpris, delt ut av ordførar Morten Storebø.
Inger Marie Møgster fekk Austevoll kommune sin frivilligpris, delt ut av ordførar Morten Storebø.

Frivilligprisen til Inger Marie Møgster

Sundag delte kommunen ut frivilligprisen sin for tredje gongen. Mottakar vart Inger Marie Møgster for arbeidet ho har lagt ned i kyrkjelyden sitt trusopplæringsprogram.

Det er særleg for innsatsen Møgster legg ned på babysongen i regi av kyrkjelyden at ho får frivilligprisen. Her har ho vore med sidan oppstarten for to tiår sidan, og som kyrkjelyden skriv på nettsida har 20 onsdagar i året vore som heilage for henne.

– Det er mange små som kallar ho for «Tomba»-damo. Dette kjem av ein av de mange songane som er sungne opp gjennom åra. Kvar og ein av dei små har ein spesiell plass i hjarta hennar. Og ikkje berre den tida dei er på babysong. Inger Marie ser dei vidare opp i åra. Så når dei er konfirmantar, så er det hennar små som kjem der i kvite kapper, skriv kyrkja i Austevoll om prisen.

– I tillegg til babysong, kan ein rett som det er sjå henne som medliturg i kyrkja, skriv dei vidare.

– Det var stort å vera med då Inger Marie Møgster sundag fekk Austevoll kommune sin pris som Årets frivillige. Ordførar Morten Storebø stod for utdelinga, og kom med mange og velvalde ord. Heile den store og fine familien hennar var på plass i Austevoll kyrkje utan at mor sjølv visste noko. Det var ikkje berre familien som vart rørt. Det rann ei tåre frå mange auge, konstaterer Austevoll-kyrkja til slutt.