Kjartan lengtar alltid heim, eller gjer han det, eigentleg? Foto: Merete Medle.
Kjartan lengtar alltid heim, eller gjer han det, eigentleg? Foto: Merete Medle.

Portrett av Kjartan Brügger Bjånesøy:

Frå kaptein på fotballaget til nostalgi i kjendishagen

I ein kjend hage, like mellom ring 2 og 3 i Oslo bur Austevoll-forfattar og journalist Kjartan Brügger Bjånesøy med kone og to barn. Han spelar Odd Nordstoga i bakgrunnen og byr på kaffi og bollar når Marsteinen kjem på besøk.

– Desse bollane var eigentleg eit uhell, seier Kjartan når han set dei fram. Mor hans skulle baka bollar då ho var på besøk sist, men tok feil av mjølet og barnebarnet Alberts proteinpulver. Han ler litt, og verkar spent, kanskje litt nervøs på dette intervjuet der rollene er bytt om, og han, journalisten og portrettøren, skal sjølv vera den som svarar på spørsmål – riktignok berre frå lokalavisa der heime. Men det er ikkje berre-berre.

– Det er jo Marsteinen, seier han litt lattermildt. Det betyr noko.

Og det er tydelegvis noko med å vera vand til litt rampelys på nasjonalt nivå, vera gift med ei dame som etterkvart er svært godt kjend som både Idol-programleiar, ho som mista mor og syster på kort tid og som inviterer andre kjendisar på hagemiddagar på TV2. Og så skal du bli portrettert i lokalavisa. Det er nært, og kanskje litt annsleis.

Enkelt å veksa opp

– Oppveksten i Austevoll var utrulig bra, svarar han på det fyrste obligatoriske spørsmålet.

– Eg hadde kompisar, fritidsaktivitetar eg trivdes med, ein heim med to eldre brødre og stødige vaksne med mykje omsorg og kjærleik, så eg opplevde barndommen som utruleg kjekk. Han tenker seg litt om og held fram.

– Men så er det kanskje enkelt å ha ein bra oppvekst når ein er kaptein på fotballaget og spelar i band.

I ettertid har han fått høyra dette frå andre når han har proklamert at han hadde ein bra oppvekst der vest i havet. Lett for deg å seia, var det nokon som gav melding om. Og det fekk han til å tenkja. Det trefte han på eit vis, og han innser at Austevoll har vore ein super stad å veksa opp for han. Om du kjenner på utanforskapen, og kanskje ikkje er like glad i – eller god i dei tilboda som finst, kan det gjerne vera heilt motsett.

– Eg forstod nok ikkje kor vanskeleg det kunne vera for enkelte, held han fram. Kjartan har kjent veldeg på at han brukte såpass mange år på å reflektera rundt dette. At han aldri såg rundt seg og tenkte kanskje har ikkje alle det like enkelt som meg.

Skule og jenter

Kjartan var god i fotball, han spelte i korps, og var medlem i bandet Asterix – der broren var vokalist. I følge han sjølv blei han hanka inn fordi han nettopp var konfirmert, og kunne brukaalle pengane han fekk på ein synthesizer. På mattetentamen i niandeklasse stod resten av bandet og venta på han på skuleplassen utanfor. Dei skulle på turné til Sogn og hadde ei ferje å rekke.

Seinare valde Kjartan vidaregåande skule ut i frå kor han trudde han kom til å treffa flest jenter (!), og det skin gjennom at den no følsame og emosjonelle  – ja tidvis litt nostalgiske karen – nok har forandra seg litt sidan den gongen.

– Eg elska alt som var gøy, ler han. Det er med stor sjølvironi han fortel om skulevalet, som vart etterfølgt av folkehøgskule på Voss – på nettopp musikklinja. Seinare reiste han rundt i verda i eitt år med organisasjonen Up With People kor han på dette året budde hos 83 ulike vertsfamiliar. Og han elska kvart sekund!  Han stoppa ikkje opp, berre levde og ja – hadde det kjekt, rett og slett. Fyrst som 24-åring starta han på journaliststudiet ved Høgskulen i Volda. For sjølv om musikken var, og framleis er viktig, er det skrivinga han jo lever av i dag.

Boka hans, «Kjære pappa, vi er andre menn no» slo svært godt an, ikkje minst heime i Austevoll. Boka handlar om den sommaren pappa Karstein får slag, og verda vert snudd på hovudet for heile familien. Kjartan må innsjå at foreldre ikkje skal leva evig, og at faren er i ferd med å forandra seg for godt. Den er sart og vakker, morsom og tidvis brutalt ærlig.

– Eg har fått ein del brev frå eldre damer som takkar meg, seier han, litt lattermild, men likevel alvorlig. Han har forstått at dei ærlege skildringane har treft ei nerve, og det at han skreiv ope om mora og brørne som tidvis var oppgjevne og frustrerta over faren som vart sjuk, har tydeligvis pirka borti noko.

– Dei er takksame for at nokon set ord på det. Dei har kanskje gått i mange år og hatt dårleg samvit for at dei var sinte på mennene sine som vart sjuke, men så viser boka mi at dei ikkje var aleine om å ha det slik …

– Hadde det vore like enkelt å skrive ei så nær og ærleg bok om du framleis hadde budd der ute?

Det har han aldri tenkt på før, og må tenkja seg litt om.

– Eg trur nok det å reise der i frå igjen gjer at ein reflekterer på ein anna måte. Ein får tinga litt på avstand …

Kjartan bur i Oslo, og reiser heim til Austevoll så ofte som han kan. I boka kjem det fram at han pleidde å køyra over fjellet med eldstemann kvar sommar, mens kona tok fly med dottera.

– Solveig hadde jo ikkje lappen og dottera blei bilsjuk før Hønefoss, forklarar han, før han legg til at kona truleg ikkje er den beste sjåføren, sjølv om ho no har førarkortet på femte året.

– Her om dagen fortalde ho meg at ho hadde rygga på ein taxi! Men det var ikkje før eg hørte på Lørdagsrådet på P3 at eg fekk heile historia om at ho gjorde det ikkje berre ein, men to gongar!

Han fortel med glimt i auga, lettare oppgitt, men samstundes skin det ei tydeleg stoltheit gjennom. Han fortel at koma har arbeidd mykje meir enn han opp igjennom åra, medan han i periodar har tatt ansvar for heimebane. I slik grad at ein gong Solveig tok fatt på støvsuginga då Albert (no 15) var liten, så utbraut han forskrekka: ­– Men Mamma, den der er pappa sin!

Det har vore eit privilegium å ha ein så fleksibel arbeidskvardag. Kjartan har ofte kunne vera heime når ungane drar på skulen. Han føler at den finaste arven han har med seg etter oppveksten, er at han ikkje synest det er vanskeleg å vera far. Han forklarer det med at han kjenner han har retning, eit slags indre kompass, og papparolla er det aller finaste han har opplevd.

Men det skulle ta litt tid før han fekk sin eigen familie. Han «styrte» mykje då han var yngre, forklarar han. Tenkte for mykje og lurte på kva som var «rett» og ikkje. Litt som i Sondre Justads «Riv i hjertet».

Går seg til

Og han kjenner litt på at han skulle ynskja nokon sa til han at det ordnar seg, det går bra, innan du er 34 skal du gifta deg og få ditt fyrste barn. Om noko er det dét han håpar hans egne barn unngår, at dei slepp å styra så fælt.

– I dag verkar det som alle har så hastverk med å etablera seg, studera, skaffa seg ein skikkeleg jobb og få ungar. Medan eg har verkeleg levd litt og er utruleg glad og takknemleg for det.

Han er ikkje bekymra for å oppdra ungar i storbyen Oslo heller, men vert engasjert når samtalen dreier inn på det han sjølv beskriv som polariseringa mellom bygd og by.

– Eg føler eg har fått meg eit slags eige Eidsbøen her i gata, smiler han entusiastisk. Og det der med at folk i byen berre drikk caffè latte er berre tull. Det same med folk som meiner så mykje om «dei der borte i Oslo». Byen her består jo fyrst og fremst av tilflyttarar, og bygdekulturen kan stå vel så støtt her, som i bygdene. Dessutan er det ikkje slik at ein blir snobbete av å bu i storbyen. Snarare tvert i mot. Det mest avanserte sushi-måltidet han nokonsinne har ete, må vel ha vore i Austevoll. Han referer og til den delen i boka der han er på gutetur i London og får tyn frå kompisane fordi han tingar kvitvin til lunsj. For dei andre er det nemlig berre øl som gjeld. Men der Kjartan kanskje blir sett på som byguten blant kompisane «der heime», er han den litt staute bygdekaren for venene i Oslo, og set pris på det.

For tida bruker han også tid på ein annan staut bygdis. Boka om Odd Nordstoga vert til i skrivande stund. Kjartan er takksam for dei moglegheitene han har fått. Etter nokre få år i BT og VG Helg, vart han 14 år i Dagbladet Magasinet før han gjekk frilans i 2015. Av høgdepunkt trekkjer han fram turen med Truls Svendsen og Cecilie Skog til Aconcagua, det høgaste fjellet i Sør-Amerika og sjølvsagt boka «Kjære pappa».

Boka om forholdet til far vart svært godt motteke, og spesielt lanseringa i Austevoll står seg som noko som har gjort inntrykk på forfattaren.

– Det vart satt opp ekstra rundar med lesning og signering, fordi det var så mange som ville komma, og boka selde veldig bra heime.

Det betyr noko for han som har vorten ein litt meir stillferdig mann enn han som spelte synth i Asterix. Han er audmjuk og utruleg stolt over å vera frå ein plass der folk er så flinke til å heia kvarandre fram. Han hugsar dette, ikkje berre frå notida, men trekker fram musikklærar Ruth Johnson som såg han og inspirerte han til å ta det året på folkehøgskule. Onkel Vidar og lærarane Wenche Storebø og Olav Hagerup på samme måte. Dei såg han, og trudde på han. Dét og to solide brør og det fundamentet han fekk med seg heimanfrå har vore utruleg viktig. I tillegg er han ein evig mammadalt som snakkar med mor si kvar dag.

– Er du litt nostalgisk?

Han svarar kontant at ja, det er han. Og han meiner nostalgi har fått eit litt ufortent dårleg rykte. Han forklarar at nostalgi kan vera noko bra, det å ta med seg vidare det som var, og la det bli ein del av framtida, det er ikkje noko negativt. Snarare tvert i mot. Og apropos framtida, sidan me jo har snakka mykje om relasjonen hans til sin far, og ikkje minst ungane sin bestefar.

– Gler du deg til å sjølv bli bestefar ein gong?

No hoppar han regelrett av stolen, og vert tydeleg både overraska og litt sjokkert over spørsmålet.

– Nei, det har eg verkeleg ikkje tenkt på, det kjennes som eg blei far i forgårs, så eg håpar vel eg har litt tid på meg enno.

På spørsmålet om han nokon gong trur kan kjem til å flytte heim igjen er han mindre bastant. Det er ikkje utenkjeleg. Sonen meiner dei bør selja leiligheita i Oslo og kjøpa seg eit stort hus, minst like stort som Svein-Arne Kalvenes sitt i Austevoll, og heller skaffa ei lita leiligheit i Oslo der sonen kan bu. Så kan foreldra koma på besøk.

Kjartan ler litt, intervjuet er slutt, kaffikoppen er tom, mens Odd Nordstoga framleis syng i bakgrunnen. Austevoll-retur eller ikkje, fyrst skal han i alle fall gjera ferdig boka, jobba med ein komande podcast-serie, og  ikkje minst snu og gå tilbake til å vera han som skriv portrettintervjua, og ikkje sjølv verta portrettert.

Og sjølv om han ikkje verkar heilt framand for tanken om å flytta heim, så har dei det godt her i Oslo som det er no.

– Me har jo absolutt alt me treng her, seier han og slår armane ut der han står, midt i den berømte hagen.

Kjartan Brügger Bjånesøy

  • Frå Storebø/Eidsbøen, bur no i Oslo
  • Fødd i 1971
  • Gift med Solveig Kloppen og har barna Albert og Klara
  • Jobbar som frilans journalist bl.a. for Aftenposten
  • Har skrive sju bøker, jobbar med nummer åtte
  • Ein ting du kanskje ikkje visste om Kjartan: han har ei porselenstann som følge av ei takling med Bjarte Madsen (noverande rådmann i Austevoll) i ein cup-kamp mellom Huftar IL og Selbjørn. Han meiner absolutt at Huftar vann kampen.