Med ein innleigd reketrålar vart eit utval av kjente rekefelt i fylket undersøkte, frå Etnefjorden i Hardanger til Stad i Nordfjord.
– Me fekk ingen eller berre få individ av djupvassreke i trålen, fortel forskar og bestandsansvarleg Guldborg Søvik på instituttet sine nettsider. Forskarane kan likevel ikkje slå fast at rekene er forsvunne frå vestlandsfjordane.
Den største fangsten vart på 1,1 kilo reker, etter 10 minutts tråling på eit felt sør for Florø. Dette området vart forskarane tipsa om av ein fiskar, som i 2011 hadde fått god rekefangst der.
Toktet varte i 16 dagar, og dekte kystområde, ytre del av Hardangerfjorden, dei nasjonale laksefjordane Etnefjorden, Dalsfjorden og Førdefjorden, i tillegg til verneområdet Lurefjorden.
Å finne årsaka til bestandssvingingar hos djupvassreke er vanskeleg fordi veldig mange faktorar spelar inn samtidig meiner forskarane. Havet blir varmare og surare med mindre oksygen, samtidig som bestandsstorleiken til fisk som et reker endrar seg.
I tillegg er det stor aktivitet, innan både oppdrett, fiskeri, skipsfart og turisme i kystsonen på Vestlandet, men også før det store omfanget av for eksempel oppdrett har reker forsvunne i periodar.
Vinteren 2022 skal forskarane i gang med eit nytt kartleggingstokt etter kyst- og fjordreker i det same området. NPK