Egon Lundøy har mista store delar av utsikta si, og reagerer på kommunen si framferd i saka.
Egon Lundøy har mista store delar av utsikta si, og reagerer på kommunen si framferd i saka.

Fortvilar:

Bygg utan løyve tok utsikta til Egon

I slutten av april fekk Egon Lundøy (76) telefonar frå hyttenaboane. Eit langt større bygg var i ferd med å erstatta naboens kombinerte vedskjul og utedo. Det varsla han kommunen om. Likevel kom bygget opp, og tek utsikta frå han.

Frå stova i hytta hadde Egon Lundøy normalt sett over store delar av fjorden sørvest av hytta på høgdedraget på Lunnøy. Slik har det ikkje vore på ei stund. 25. april måtte han sjølv ta bygget som naboen hadde reist i nærare augesyn.

– Verdien av hytta er sterkt redusert. Naboen har no innsyn rett på terrassen og inn i stova mi. I tillegg har eg mista utsikten, seier Lundøy og peikar på bygget som vart reist utan naudsynte løyve frå kommunen. Det er mellom anna eit vindauge i hemsen, som gjer det lett å forstå frustrasjonen hans. Uthuset som stod der tidlegare var eit versalt, lite bygg, medan det som er kome i staden ser ut til å vera dobbelt så høgt.

– Eg varsla kommunen om bygginga, og fekk opplyst at det ikkje var gjeve noko løyve, verken til bygging av det nye eller riving av det gamle annekset, seier Lundøy.

– Meldinga var deretter at dersom dei haldt fram med bygginga, ville det skje på eige ansvar. Her meiner eg Austevoll kommune har forsømt seg: Kvifor vart det ikkje gjeve stoppordre? spør Lundøy.

Kommunikasjonen

Byggjesakssjef Sunniva Skålnes Samdal i Austevoll kommune seier at kommunen ikkje ynskjer å kommentere ei pågåande byggesak.
– På generelt grunnlag er stoppordre noko kommunen kan gje der det er naudsynt. I dette ligg det at det må bli teke ei konkret vurdering i kvar sak, og at det vil vera særleg relevant ved forhold som fører med seg fare eller uoppretteleg skade.
– Me viser elles til at ein ikkje kan setja i gang tiltak som er i strid med kommuneplanen utan løyve frå kommunen, skriv Skålnes Samdal i ein e-post til Marsteinen.

Utbyggjar har frå april 2021 nytta dei lokale konsulentane i Nagla i dialogen med kommunen. I eit skriv datert ein månad etter at Egon Lundøy varsla kommunen, noterer Naglas Veronika Møgster til kommunen at Søknad om mindre tiltak og fasadeendring vart sendt til kommunen 03.09.20. På tross av gjentekne purringar frå tiltakshavar svarer først kommunen etter 8 månader. Dette er uhaldbar sakshandsaming frå kommunen. Austevoll kommune har klart brutt forvaltningsloven §11a. Då Austevoll kommunen ikkje har gjeve noko førebels svar på søknaden er det all grunn for søkjar og tiltakshavar å rekne tillatelse som gitt.

Kommunen er på si side ikkje samd i denne argumentasjonen. Datert 1. juni skriv kommunen dette til Nagla og utbyggjaren: Uavhengig av kva bygget er ført opp som, gjeld dei vanlege reglane for bruk av bygg i strid med arealformål. Lovleg oppførte tiltak kan fortsatt bli nytta i tråd med det ein har fått løyve til, men nye tiltak må vere i tråd med gjeldande arealplan, jf. § 11-6. Noverande kommuneplan har forbod mot uthus for varig opphald, jf. føresegna § 4.1 (4). Det er soleis trong om dispensasjon for å gjere tiltak på anneks, då anneks ikkje er i tråd med arealformålet.

Tiltakshavaren har fått høve til å imøtekomma påstandane frå Egon Lundøy og den offentleg tilgjengelege dialogen mellom Austevoll kommune, sivilarkitekten han nytte fyrst og deretter Nagloa.

– Eg oppfattar dialogen med kommunen slik at det ikkje er teke ein konklusjon på at tiltaket er sett i gang utan gyldig løyve. Elles har eg ingen flere kommentarar utover det at me no har grei dialog med kommunen om prosjektet, seier tiltakshavaren i ein e-post til Marsteinen.

Attende står Egon Lundøy med redusert utsikt.

– Eg meiner naboen har vore overivrig, medan kommunen har forsømt seg, konkluderer han.