Det har ikkje vore kvardagsleg, men politioverbetjent Vidar Mjåtvedt kjenner ei stigande uro for mannskapa sine på uttrykking. Nyss har mannskapa vortne utsette for vald.
– På eit ordensoppdrag vart ein ambulansetilsett biten og ein av betjentane skalla ned. Dette har me absolutt nulltoleranse for, seier Mjåtvedt. Den vidare oppfylginga knytt til det aktuelle oppdraget fylgjer helsesporet, vert det opplyst om.
I same andedrettet fortel han om anna oppdrag knytt til familievald, som òg er med på å løysa ut krevjande etterforsking og skriving av rapportar. Barnevern vert òg kopla inn i mange slike saker, slik som i desse sakene.
I fylgje NRK har vald mot politiet auka i Noreg. I fjor kom det inn 1734 meldingar frå politifolk som var utsett for vald her i landet, viser tal NRK har fått frå Politidirektoratet. Det er i snitt ein auke på dryge 33 prosent sidan 2016. I tala til rikskringkastaren er det særleg i Finnmark og Trøndelag det er stor auke, medan det i Hordaland var ein vekst i prosent like over snittet i landet, med 35 prosent.
– Det er bekymringsfullt at talane for vald mot politiet aukar. Dette er folk som gjer ein jobb på vegne av samfunnet, seier påtaleleiar i Finnmark politidistrikt, Morten Daae, til NRK.