Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) redegjorde tysdag for regjeringas koronastrategi i Stortinget. Der varsla han ein rekke innstrammingar. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) redegjorde tysdag for regjeringas koronastrategi i Stortinget. Der varsla han ein rekke innstrammingar. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Støre med vaksineløfte: – Me skal få til eit taktskifte

Intensivert vaksinasjon og strengare reglar for karantene og isolasjon. Slik vil statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) få kontroll over pandemien.

– No skrur me opp farten i vaksinasjonen, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han gjorde greie for koronastrategien frå Stortingets talarstol tysdag.

– Me skal få til eit taktskifte, lova Støre.

Han ber no kommunane om å stå klare til å setja 400.000 vaksinedosar i veka, i utgangspunktet ut april neste år. Regjeringa har bestemt at alle over 18 år skal få tilbod om ein tredje vaksinedose. Først i køen står personar over 65 år og helsepersonell.

Samtidig kom Støre med ei innstendig bønn til landets uvaksinerte:

– Det klare bodet mitt til alle som no har takka nei, er: Takk ja og vaksinar dykk, sa Støre.

Dette er tiltaka

Støre avkrefta tidlegare tysdag at det er aktuelt med ei ny nedstenging no. Den same bodskapen gjentok han frå Stortingets talarstol.

– I dagens situasjon meiner regjeringa det ikkje er rett eller forholdsmessig å be alle halda seg heime.

Regjeringa innfører likevel ei rekkje nasjonale påbod og tilrådingar for å redusere trykket på helsetenestene:

* Viss du bur saman med ein som har fått påvist koronasmitte, må du frå no av sitje i karantene til du har fått negativt testsvar. For å sleppe karantene, må vaksinerte teste seg på nytt seinast etter sju dagar. Uvaksinerte må teste seg dagleg i sju dagar med hurtigtest eller annankvar dag med PCR-test.

* Er du sjølv smitta, må du halde deg isolert i fem dagar i staden for to. Du må òg ha vore feberfri i 24 timar.

Tilrår munnbind

I tillegg kjem regjeringa med ei nasjonal tilråding om å bruka munnbind i kollektivtrafikk, taxi og på kjøpesenter der det ikkje er mogleg å halda avstand, og dessutan i kontakt med tilsette i helsevesenet.

Tilrådinga om å testa skuleelevar i område med aukande smittespreiing, blir ført vidare.

Støre varsla at regjeringa òg jobbar med nye innstrammingar i grensereglane. Dette vil det komme meir informasjon om seinare tysdag, sa han.

– La det ikkje vera nokon tvil – regjeringa er førebudd til å setja i verk nødvendige tiltak raskt dersom situasjonen tilseier det og me har solid fagleg dekning, sa Støre.