Har du sakna buss til pg frå kaien på Flesland? No er han i gang igjen. Pressefoto.
Har du sakna buss til pg frå kaien på Flesland? No er han i gang igjen. Pressefoto.

Pressemelding: Kaibussen er tilbake i rute frå mandag 1. november!

I august kom gladmeldingen om at Flybussen Bergen var tilbake i rute. Nå starter også Kaibussen endelig opp igjen.  
Frå i dag av vil ruta ha 59 avgangar mellom Flesland kai og Bergen Lufthavn i veka, og gje dei reisende på strekninga eit etterlengtet tilbod.  

– Me har venta lenge på å kunna opne denne ruta igjen, og me er svært glade for at me endeleg kan tilby dei reisande på strekninga eit godt tilbud, seier Svein Helge Hauge, produkt- og konseptsjef for Flybussen Bergen.

Det var da Norge stengte ned samfunnet som fylge av covid-19 pandemien i mars 2020, at både nasjonal og internasjonal reisevirksomhet fordufta over natta. Utan kundar blei alle rutene til Flybussen Bergen innstilte, bussane parkerte og medarbeidarar permitterta.

Tide følger reiseutviklinga og reisemønsteret tett, og i takt med auka vaksineringsgrad og attopninga av samfunnet, har dei den siste tida sett ein tydelig vekst i reisande med fly til og frå Bergen Lufthavn Flesland.

– Mange reisende, og spesielt dei som reiser til og frå distrikta sør for Bergen, melder at dei har sakna Kaibussen, både i samband med jobb- og fritidsreiser. No ser me at talet på reisande er stort nok til at me kan opne ruta att, og me ser fram til å ynskja dei reisande velkomne om bord igjen, sier Hauge.

59 avgangar i veka
Fra mandag 1. november vil Kaibussen køyra 59 avganger i uken mellom Flesland kai og Bergen lufthavn.

Kaibussen vil i fyrste omgang dekkja alle båtane til og frå Flesland kai på morgon, formiddag og ettermiddag på kvardagar og sundagar. Tide vil fortsetja å analysa trafikken på strekninga og talet på avgangar vil tilpassast fortlaupande etter kvart som talet på reisande aukar vidare, heiter det i pressemeldinga.