Kari Halstenen fann attende til Gud. I arbeidet som psykolog nærmar hos seg religionen på anna vis.
Kari Halstenen fann attende til Gud. I arbeidet som psykolog nærmar hos seg religionen på anna vis.

Portrett:

Med hjarte for dei utrygge

Kari Halstensen vaks opp i det ho sjølv beskriv som ein bedehuskultur der religion av den nokså strenge typen var premissgjevande for korleis barne- og ungdomsåra skulle levast. Men då ho var om lag halvvegs på den kristne vidaregåande skulen Sygna, mista ho trua på Gud. Det vart heilt tomt og ganske meiningslaust ei kort stund, før ho fann han att – eller kanskje det var han som fant henne? Opplevinga gjorde, og gjer framleis, trua meir levande og livsnær for denne varme, kloke dama frå Selbjørn.

Det er ein heilt vanleg tysdag i hovudstaden. Leilegheita er så nyinnflytta at det er framleis litt ekko i mangel på full møblering. Presten Harald, den heilt ferske ektemannen til Kari, tek seg ut på jobb i det lokalavisa kjem på besøk og Kari serverer heimelaga eplekake, is og kaffi. – Eg er ikkje så verst på kjøkkenet, sjølv om ein kanskje ikkje skulle tru det.

Ho er ikkje sjenert, men framhevar ikkje seg sjølv heller, berre konstaterer at sånn er det. Og ho har heilt rett. Kaka er uvaleg god!

For smalt

Selbjørn og Austevoll var ein fin, men likevel krevjande stad å veksa opp. Ho vrir seg litt i stolen, signaliserer umedvite at øysamfunnet der vest tidvis har kjenst trongt og litt ukomfortabelt, samstundes som ho peikar på at det sjølvsagt er mange gode assosiasjonar og minne òg. Naturen, for eksempel, og det faktum at ein i Austevoll ikkje berre er den ein er, men folk kjenner deg i fleire generasjonar tilbake, og dette definerer deg på godt og vondt.

– Det var nok særleg ungdomsåra som vart vanskelege. Som ein del av miljøet vårt var det heilt uaktuelt å for eksempel gå på dans.

Dermed vart ein del av dei sosiale arenaene som fanst for ungdomen «off limit» for selbjørnsjenta. I sona mellom bedehuset og ein ungdomskultur ho fekk sjå dei vonde sidene av på nært hald, var det ingenting for ‘80-tals-tenåringen som ikkje hadde talent verken for å spela i korps eller fotball. Det vart trongt. Og Kari var uroleg og usikker på korleis dette livet kan levast både med gode grenser og med sunn fridom.

Gud gjekk og kom attende

– Kor står du med tanke på religion i dag?

– Trua har vore og er ein bærebjelke i livet mitt.

Men Kari har også via mange år av livet sitt til å vera psykolog for menneske som ber på destruktive erfaringar frå ulike religiøse miljø. Ho har sett at forkynning, tru og religiøs praksis kan påføra barn og unge traume som dei slit med som vaksne. På den andre sida kan tru vera det som ber eit menneske gjennom eit vanskeleg liv. Denne motsetnaden mellom gode og farlege sider ved tru, gjorde at Kari måtte vita meir og forstå meir. Og då Modum Bad kom med tilbod om forskarstipend, sa ho «ja, takk.» Dei siste åra har ho brukt mykje tid på å studera den psykologiske funksjonen tru kan ha, på godt og vondt.

Oppveksten danna eit grunnlag for dette denne viljen til å skjøna meir. Sjølv om Kari var skeptisk i starten, valde foreldra å senda henne til den kristne vidaregående skulen, Sygna, i Balestrand. Kari var godt kjend med bibelen, men fekk eit tøft møte med andre måtar å praktisera tru på då ho kom på vgs. Særleg ille var kvinnesynet, som prega organisasjonen som dreiv skulen. Gutar fekk meir tillit og eit sjølvsagt rom til å utvikla leiareigenskapar. Kari seier at åra på Sygna gjorde henne til ein sinna-feminist. Ho skjøna heller ikkje kvifor abortdebatten, som raste på den tida, måtte vera så aggressiv. Harde ord fekk den plassen den ærlege samtala om eit vanskeleg livsområde skulle ha hatt. Og midt i alt dette mista altså Kari trua på Gud. Det vart berre heilt tomt. Utan at ho skjøna kvifor. Som vaksen ser ho at det nok handla om møtet mellom liv og tru som naturleg kjem når eit menneske tek nye steg på vegen frå barn til vaksen. Ho vart redd og forvirra, før ho fann tilbake. Historia om apostelen Thomas, som nekta å tru på at Jesus var stått opp frå dei døde, vart til hjelp. Ho kjende seg igjen i hans tvil, og historia gjorde til slutt at ho fekk trua på Gud tilbake – men ikkje på same måte som før. Noko var endra, og Kari si tru var no grunnlagd på eit møte med ein gud som hadde skapt henne til å bli vaksen og sjølvstendig. Og ikkje minst ein gud som hadde vist seg å tåla tvilen hennar godt.

Uvanleg kombinasjon

Skulegangen enda ikkje på Sygna. Ho er i dag nære på å bli ferdig med ein doktorgrad i religionspsykologi, i tillegg til å vera utdanna siviløkonom. Kombinasjonen psykolog og økonom er kanskje ikkje den vanlegaste, men for Kari vart det openbert allereie då ho studerte økonomi på NHH at nett denne kombinasjonen ville bli bra for akkurat henne. Tida på psykologstudiet ved Universitetet i Uppsala bar i seg ei kjensle av å komma heim.

Samtalen reflekterer kring mange tema. Kari er klok og varm, snakkar omsorgsfullt om menneska som ho så gjerne ynskjer å hjelpa, og ho fortel at ho har ein eigen plass i hjarta for dei menneska som kjenner ambivalens, som er rotlause og utrygge på seg sjølve og på livet.

Ho beskriv dei som veps i eit syltetøyglas med loket på. Så ein dag vert loket skrudd av, og majoriteten flyg avgårde og tek for seg av denne nye fridomen. Medan nokre få vert verande igjen i glaset. Dei ynskjer så gjerne å fly, men utan at dei klarar å forstå kvifor, blir dei att i det vesle glaset.  Det er ein forferdelig vond stad å vera, og Kari forsøker sitt beste å vera der med dei – og for dei.

Jungeltelegraf og omsut

Og som psykolog ved Modum Bad har ho naturligvis møtt mang ein lagnad. Men elles i livet og har Kari masse historier å fortelja. Som mellom anna denne: I studietida jobba ho i heimetenesta i kommunen. Ein gong følgde ho ein mann gjennom den siste veka han levde. Ho vart overrumpla då mannen i sjukesenga konfronterte henne med at far hennar nyleg hadde mista lappen i kampen for å nå ferja på Hufthamar, men ho vart også gripen av den gode medkjensla bygdefolket viste den sjuke. Det var som om dei sto i ring rundt huset hans og passa på han medan han gjekk dei siste metrane av livsvegen sin. Det er ein skarp kontrast mellom den brutale jungeltelegrafen, og den vakre varmen mellom menneske som har kjent kvarandre heile livet. Medan ho vaks opp fekk ikkje Kari denne likninga til å gå opp. Som vaksen veit ho at alle menneske har motsetnader i seg. Lys og mørke kjempar om plassen i oss alle. Austevollingar er sjølvsagt ikkje unntak.

Den litt ubehagelige kjensla av å ikkje få vera «berre» seg sjølv, i kombinasjon med det at andre kjenner deg ikkje berre som deg, men dei kjenner heile slekta di og ofte fleire generasjonar tilbake, det er noko av det Kari elskar og samstundes synest er litt vanskelig med bygdesamfunnet. Og slik er det jo å vera frå ein liten plass. Men sjølv om Kari alltid har visst at ho skulle vekk, seier ho framleis «heim» som alle andre austevollingar, og golvet i den nye leilegheita ho no deler med Harald, er henta nettopp frå Austevoll, slik at ho kan kjenne at ho har røtene sine med seg. Og røtene som er festa i Austevoll er djupe. Kari er svært glad for at ein liten bit stein og lyng med havutsikt i Austevoll er hennar. Om ikkje så altfor lenge skal det byggjast ei hytte der. Men aller mest takksam er ho for plassen sin i den flokken ho alltid veit at er der for henne. Varmen frå familien har vore avgjerande når livet har krevja sitt. Mor og far har vore – og er der framleis, som to urokkelege stabbesteinar. Og kvar jul set Kari og dei to brørne hennar ein for i bakken, summerer dei opp året som har gått og deler gleda over at ting dei har vore redde for at skulle gå gale har gått bra likevel.

– Kven har du sett opp til der heime då? spør eg i det me må avrunda.

Det er to kvinner i Austevoll som har gjort inntrykk. Dyn første kjente ho godt. Jeanette Halstensen, kona til fetteren til bestefaren til Kari. Ho og mannen møtte kvarandre og gifta seg under krigen, og då den tok slutt, pakka ho sakene sine og reiste frå England til Noreg og Vestlandet etter mannen sin. Det er utruleg at ho klarte å tilpassa seg så godt på ein stad som var så totalt ulik bakgrunnen hennar. Ho var ein stabil og venleg person i Kari sitt oppvekstmiljø – ei påminning om at «it takes a village to raise a child.»

I tillegg trekkjer ho fram Helga Rabben, frå ein episode på fiskarfagsskulen der Kari var vikar for lenge sidan. Helga sette ein herremann på plass etter at han hadde vore litt vel brysam ovanfor Kari, som då innsåg at det er faktisk lov å seia frå, å gje beskjed. Og at det kan gjerast intelligent og kontant, slik Helga gjorde. For Kari vart det noko viktig å ta med seg vidare i livet. Og i dag slår ho meg som ei som ikkje har problem med å sjølv seia frå. På spørsmål om relasjonen til brødrene for eksempel, seier ho med glimt i auga at «dei skjønar at eg som oftast har rett.» Kanskje har kraftfeministen frå tidlegare tider funne kvile i tilliten til at ho er sterk nok til å kunna påverka når det trengst?.

Isen i skåla har smelta, kaffikoppen er tom og me er langt over tida. Og i det eg takkar for meg kjenner eg at roen har smitta over til meg òg. På ein heilt vanlig tysdag i hovudstaden.