Hareide er tilsett for ein åremålsperiode på seks år. Han tiltrer stillinga 1. januar 2022.
– Sjøfartsdirektoratet skal bidra til å sikre Noregs posisjon som ein leiande sjøfartsnasjon. Med Knut Arild Hareide får Sjøfartsdirektoratet ein svært godt kvalifisert leiar med brei erfaring frå politikk og næringsliv. Som tidlegare statsråd i fleire departement kjenner han både forvaltninga og sektoren godt, og eg ser fram til eit godt samarbeid i åra framover, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).