Helge André Njåstad i Framstegspartiet. Arkivfoto: Andrea Øien Sæverud / NTB / NPK
Helge André Njåstad i Framstegspartiet. Arkivfoto: Andrea Øien Sæverud / NTB / NPK

Framstegspartiet foreslår å kutta ytterlegare i ferjetakstane

Framstegspartiet uttalte i fjor vinter at dei ville gjere ferjer gratis. Så langt har ferjetakstane blitt kutta med 25 prosent, og i alternativt forslag til statsbudsjett blir det foreslått ytterlegare 25 prosent kutt.

– Framstegspartiet legg torsdag fram eit forslag til statsbudsjettet. Der går vi inn for ytterlegare 25 prosent reduksjon i ferjetakstane, seier Helge André Njåstad (Frp) til Nynorsk pressekontor.

Frå før blei ferjeprisane 1. juli kutta med 25 prosent. Det skjedde etter at Frp fekk gjennomslag i det reviderte nasjonalbudsjettet.

No håpar dei på det same, som vil gjera at dei er halvvegs i mål om å gjere ferjeturar gratis.

– Dette er noko folk er opptekne av. Debatten har vore om det er me eller Arbeidarpartiet, med sitt løfte om halv pris på ferjetakstane, som har vore utslagsgjevande for at takstane har gått ned. Med dette nye forslaget viser vi at det er vår prioritet å kutte i ferjetakstane, seier Njåstad.