– Kunnskapen om økosystemet i vestlandsfjordene er mangelfull, og noverande bestandsstatusen og utbreinga til reker og kysttorsk er ukjent, skriv Havforskingsinstituttet, HI, i ei pressemelding.
Det er for å bøta på denne kunnskapsbristen om bunnfisk- og skaldyrførekomstane i dei gamle rekefelta, Havforskningsinstituttet gjennomfører eit 16-dagars kartleggingstokt med reketråleren «Brattholm». Toktet skal dekkja fjordar og kyststrok fra Bømlafjorden til Stad. Alt torsdag kan han vera å sjå i austevollske farvatn.
– Fastståande reiskap som krepseteiner kan bli ein utfordring for gjennomføringa av toktet om disse står på tvers av rekefelt. Havforskningsinstituttet kan ikkje pålegga fiskarar å fjerna reiskap. Gode resultat avheng likevel av ei god toktdekning, og me spør difor fiskarane med faststående reiskap, om det er mogleg å fjerna desse dei dagene toktet er i området deira, seier toktleiar Guldborg Sørvik i pressemeldinga.
I Austevoll er det tre lokalitetar som er peika ut som der det skal trålast.
Kartskisse frå pressemeldinga. Raudt er stadane dei har planar om å tråla, blått er observasjonsområde