AIK fekk med seg eitt poeng fra oppgjeret mot Åsane 2 på Myrdal stadion søndag. Arkivfoto
AIK fekk med seg eitt poeng fra oppgjeret mot Åsane 2 på Myrdal stadion søndag. Arkivfoto

Spelte uavgjort mot serieleiaren

Oransjetrøyene reiste søndag til Myrdal stadion for å hindra serieleiaren i å ta tre nye poeng. Halveges ut i andre omgangen leia Åsane 2 med to mål, før gutane kom attende og sikra poengdeling.

Åsane 2 har så langt innfridd favorittstempelet dei hadde før sesongstart, og stod med fem sigrar og ein målforskjell på 20 – 10. AIK har scora lika mange mål, men har måtta sjå 22 nettkjenningar gå inn bak eigen keeper.

I oppgjeret på Eidsbøen tidlegare i haust vann Åsane 4 – 3, etter å ha sikra sigeren med eit straffespark seint i andre omgangen, og Åsane fornekta seg ikkje på heimebane. Allereie etter sju minutt tok dei leiinga som òg var pauseresultatet. Ti minutt etter kvilen dobla David Tufta leiinga til heimelaget, og tre nye poeng såg ut til å bli att nord om Bergen.

Ringrevane Kristoffer Østervold og Tord Harald Skår ville det annleis. Med kvar sitt mål i andre omgangen sørga dei for framleis spenning i tabelltoppen med to kampar att å spela. For AIK sin del treng laget berre eitt poeng for å vera sikra spel i 4. divisjon til neste år.

Åsane 2 – AIK

2 – 2 (1 – 0)

Myrdal stadion 3. oktober 2021

Mål:

7´  1 – 0 Keven Gebretnsae Iyaso

56´ 2 – 0 David Andreas Tufta

66´ 2 – 1 Kristoffer Østervold

76´ 2 – 2 Tord Harald Skår

Austevoll sitt lag:

1 Simen Bratten Gjøvåg  – 2 Erling-André Haugland Bjånesøy, 11 Steffen Skår, 16 Nils André Eidsheim, 23 Øystein Eidsheim – 5 Aaron Alvin Ssabunyo, 6 Christian Haugland Mikkelsen, 20 Joachim Haugland Bjånesøy, 15 William Veivåg, 21 Steffen André Skår, 7 Kristoffer Østervold, Tord Harald Skår(K)

Gult kort:

Steffen Skår (83)

Innbytarar:

22 Lars Frode Gørnås

14 Petter Tonning

18 Arnt Nikolai Klepsvik

19 Daniel Hufthammer

  1. Joachim Veivåg