Rektor Vibecke Storebø er vakt medan elevane går trygt over fotgjengerovergangen.
Rektor Vibecke Storebø er vakt medan elevane går trygt over fotgjengerovergangen.

Hugs refleks!

Refleksdagen vert markert kvart år den tredje torsdagen i oktober. Lokalpolitiet oppmodar foreldre og vaksne til å vera gode førebilete i den mørke årstida me no går inn i, og nytta refleks.

Einskilde stadar kan det vera meir krevjande å vera bilist i dimma eller mørket. Lokalpolitiet er særleg uroa over fotgjengarfeltet og vegen på oppsida av Storebø skule.

– Me ser at det er uoversiktleg og kaotisk, og ser diverre at omtrent ti prosent av barna nyttar refleksvest. Barna har refleks på skulesekken, men dette er ikkje nok. Politiet ynskjer at barna nyttar refleks framme, bak og på sida.

– Investér i ei reflekslue og sy på refleks på kleda. Dette er gøy for barna og dei hugsar å nytta dette sjølv. Refleks reddar liv, seier politioverbetjent Vidar Mjåtvedt.

Politioverbetjent Vidar Mjåtvedt utanfor Sentrumsbygg på Storebø før skulestart.

Under halvparten nyttar refleks

To istadenfor ti sekundar reaksjonstid i bil er forskjell med og utan refleks når du er mjuk trafikant. Utan refleks er du fyrst synleg på 25 meters avstand. Nyttar du refleks er du synleg frå 140 meter. Sjølv om det er gatelys bør du ikkje droppa refleks, det er framleis vanskeleg for ein bilførar å sjå deg utan refleks. Fire av ti nordmenn nyttar refleks, og dei vaksne er dårlegast til å ha på seg refleks, i fylgje Trygg Trafikk.

Trafikantar ved Storebø skule, Selbjørn skule og Kolbeinsvik Montessoriskule må vera vaktsame og tilpassa farten der barn nyttar vegen som skuleveg, meiner lokalpolitiet. Bilistane må nytta ekstra tid for avlevering av barn til skule, på veg til jobb, og ferje. Det er ikkje akseptabelt å køyra fort i denne tida. Mjuke trafikantar er dei mest sårbare i trafikken, og har ikkje anna enn sin eigen kropp som vern.

– Politi er ute jamt og trutt, no har me høg arbeidsbelastning og ynskjer hjelp frå samfunnsborgarane, skule og foreldre å avpassa fart og nytta refleks no i mørketida, seier politisjefen.

Gløymer du refleks når du skal på tur? Investèr fem minuttar av tida di til å festa refleks på jakke og baggen din, ein enkel og billeg livsforsikring. Då har du ein ting mindre å hugsa på i kvardagen og vert synleg no i haustmørket, oppmodar Trygg Trafikk.

Nokon viktige refleksråd

• Refleksen bør plasserast så langt ned mot bakken som mogleg
• Bruk to refleksar for å bli sett fra begge sider
• Små barn bør alltid bruka refleksvest når dei ferdast ute i trafikken
• Riper og skraper svekkjer reflekteringa
• Refleksband mister sin reflektering ved gjentatt vasking
• Bruk refleks sjølv om vegen har lysgjeving

Kjelde: Statens vegvesen