M/T "Borgny" vart seinka like nord for Austevoll av Sjur Nordmann Østervold, Per Danielsen og resten av mannskapet på MTB 56. Foto: Norsk maritimt museum.
M/T "Borgny" vart seinka like nord for Austevoll av Sjur Nordmann Østervold, Per Danielsen og resten av mannskapet på MTB 56. Foto: Norsk maritimt museum.

Då Østervold tok krigen til tyskarane

667 øyar, skjer og holmar. Små, lynraske og mobile fartøy som er lette å kamuflera. Austevoll passa shetlandbaserte MTB-ar som hand i hanske, natt til måndag er det akkurat 80 år sidan fyrste stikk.

Krossøy, 3. oktober 1941.  Hausten er komen. Det er kaldt, men klart. Løytnant Sjur N. Østervold er eit steinkast frå familieheimen, der han og resten av mannskapet om bord i MTB 56 ligg i den idylliske badevika i påvente av bytte i Krossfjorden. Den etter måten spinkle MTB-en er vorten slept halvvegs over Nordsjøen av jagaren «Draug» før motortorpedobåten fekk starta maskinane sine og leggja kursen mot Austevoll. Manøveren er ein prøvestein, den fyrste operasjonen med norske MTB-ar på besøk i eige, tyskokkupert land. Planen var klekt ut av austevollingen, og om han var aldri så hasardiøs, var dei britiske admiralane til slutt  lyttande til den offensive haldninga til nordmennene som la han fram. Østervold har det taktiske ansvaret for operasjonen, eit stort ansvar for ein 28-åring.

Kryssfinér

Materiellet er ikkje mykje å skriva heim om – 30 tonn med kryssfiner og to torpedoar – ikkje særleg eigna for segling på ein potensielt ilsk Nordsjø. Dag vert til kveld, og etter at tyske vaktbåtar og fly har vore nærgåande, kan skipper Per Danielsen, Sjur og resten av mannskapet konstatera at kamuflasjen er velfungerande. Danielsen er elles admiralson, og faren var ein av dei som i utgangspunktet meinte planen var for risikabel.

Ut på kveldinga fjernar mannskapa kamuflasjen frå den vesle motortorpedobåten og fullmånen gjev området ein nesten magisk stålblå farge. Nordmennene gjer seg klare til å jakta på mål i leia i den indre delen av Krossfjorden. Per Danielsen og Østervold er på brua saman med fenrik Karl Hjellestad som òg er lommekjent i Krossfjorden. Fenriken er nestkommanderande om bord og var ein av dei fyrste som gjekk i land på Krossøy, og kunne med skjelvande hand på kikkerten sjå husa der heime på andre sida av fjorden. Rormann er kvartermeister Gjelsten. Resten av mannskapet er klare på stasjonane sine, fire mann passar maskinane, like mange har oppsyn med torpedoar og skyts og i radiorommet finn me den einaste briten om bord, høgreiste Edwin Slater.

Det er nærare midnatt då tre skip dukkar opp sør i Langenuen. Det er Hjellestad som får auge på dei fyrst. Skipa seglar i ei line, to eskorteskip og eitt større handelsfartøy i midten – til alt overmål med tente navigasjonslys. Snart skulle det visa seg at dei segla med falsk tryggleik.

Mannskapet på MTB 56 vert inspisert om bord i HMS «Tyne» før avreise til Austevoll. Frå venstre: Kvartermeister Gjelsten, kvartermeister Sørensen, kvartermeister Pettersen, menig Risnes, admiral Tovey, telegrafist Slater, løytnant Danielsen, meing Rønning, admiralens adjutant (med ryggen til), halvt skjult menig Henriksen, deretter menig Harld Nilsen, meig Hals og menig Kleppe. Til høgre er gruppa løytnant Hjellestad, løytnant Østervold, britisk sambandsoffiser frå «Draug» og lengst til høgre skipssjef Tore Holte frå «Draug». Faksimile frå «Angerp i skjærgården» av Jon Rustung Hegland.

Åtaket

Danielsen manøverer båten til åtaksposisjon med dei rimeleg stillegåande hjelpemotorane om bord. Konvoien, som siglar med ein fart av om lag ti knop, har passert Laugarøy lykt med ny kurs for Lerøyosen. Avstanden til handelsskipet er om lag 700 meter. Tre minuttar over midnatt kjem tankskipet inn i siktet til Danielsen. Han trekkjer i spaken, ein rykk går igjennom fartøyet og to torpedoar plaskar i sjøen og rasar i retning målet. Og etter 20 sekundar og i ein fart på 45 knop detonerer krigshovuda i skutesida – eit i akterskipet, eit under brua. Skipet går i lys loge, brekker i to og søkk. Eskorten bak tankskipet køyrer rett inn i flammehavet og møter same lagnaden.

Den norske MTB-en set kursen vestover, men dreg ned Hundvåkosen for å ikkje risikera nærkontakt med tyskarane sine batteri på Marstein fyr. Tyskarane på eskortefartøya og artilleria på Korsnes sender salvar etter det vesle fartøyet.

– Det gjekk strålande, seier Sjur til kollegane på brua.

– Ja, me får håpa på fleire turar, svarar skipssjef Danielsen.

MTB 56 sette ut Møkstrafjorden i stor fart, og fenrik Hjellestad kunne sjå det raude skinet frå fjorden. Kanskje kunne kona hans der heime studera det same glimet på himmelen?

Mange døyr

Attende i Krossfjorden blir 13 mann frå tankskipet «Borgny» redda opp frå sjøen av den attverande eskorten. 14 av mannskapet, som alle var nordmenn, vart med skipet ned i djupet. Tankaren var på veg frå Son til Trondheim med flybensin. Det vert difor ingen viltre jubelscenar på Shetland når det vert kjent at skipet dei senka var norsk, om det aldri så mykje sigla i tysk teneste.

Frå eit militært synspunkt var operasjonen likevel ein oppsiktvekkjande suksess, og på mange måtar fødselen til det moderne, norske MTB-våpenet: Raske, små fartøy med stor eldkraft kunne nyttast med stor effekt mot okkupasjonsmakta sine fartøy.

Østervold fekk tildelt Distingusihed Service Cross same året for planlegginga av operasjonen. Utmerkinga er den høgaste som kan gjevast utanlandske offiserar. Berre 39 gongar fekk nordmenn denne medaljen tildelt under den store krigen. Krigskorset med sverd vart delt ut frå dei norske styresmaktene i London. Ingen andre austevollingar har motteke den høgaste norske militære utmerkinga.

Admiral Otto von Schrader, øvste sjefen for dei sjømilitære kreftene i det okkuperte Noreg, må konkludera med at åtaket har vorte gjennomført av lokalkjende sjøfolk. Tiltaka frå tyskarane for å sikra konvoiane sine betre mot potensielle åtak frå motortorpedobåtar og undervassbåtar er å setja inn fleire mindre støtte- og patruljefartøy. Tyskarane innførte på augneblinken òg inspeksjonstvang for alle maskindrivne fartøy dei trefte mellom Marstein og Fugløy og seks patruljefartøy vart plasserte i strategiske utløp og fire mindre fartøy vart lagt i vernebuing for å søkja etter alliert aktivitet i austevollske farvatn.

Saka er henta frå Eit lite øysamfunn i Den store krigen. Tekst av Trond Hagenes.

Kjelder:

Bakkevik, Erik (2005): «Skipsforlis i Bergensleden. Fra Bømlahuk til Holmengrå.» Worums trykkeri, Haugesund

Konstam, Angus (2003): «British Motor Torpedo Boat 1939-45», Osprey publishing, Oxford

Mann, Christopher (2012): «British Policy and Strategy towards Norway, 1941 – 45», Palgrave Macmillan, London

Renolds, Leonard C. OBE, DSC (2009): «Dog Boats At War – Royal Navy D Class MTBs and MGBs 1939-1945», History Press, Stroud

Rustung Heggland, Jon (1989): «Angrep i skjærgården. Norske motortorpedobåters operasjoner fra Shetland 1941 – 1945». Dreyer, Oslo.

Internettkjelder: http://www.vg.no/spesial/2015/vaare_falne/?personId=16520

Munnlege kjelder: Einar Tamber, oktober 2013. Alf Litle-Kalsøy, Alversund, april 2015.