Varebilen vart snudd og vegen opna att etter om lag 45 minutt. Brannsjefen er uroleg for dei låge støypekantane langs pollen.
Varebilen vart snudd og vegen opna att etter om lag 45 minutt. Brannsjefen er uroleg for dei låge støypekantane langs pollen.

Urolege for låge støypekantar

I 08-00-tida køyrde ein bil av vegen ved Heimarkpollen. Brannsjef Hans Petter Bjånesøy opplyser at brann- og redningstenesta er urolege for dei låge støypekantane langs pollen.

Ulukka i dag tidleg førte til at vegen vart stengd i tre kvarter, men det var lukkelegvis ikkje snakk om personskader, trass i at bilen låg på taket oppmot fjellet like ved den krappaste svingen på strekket.

– Om bilen hadde gått den andre vegen, hadde me hatt ein heilt annan situasjon. Me er veldig urolege for dei låge støypekantane her. Det skal lite til før ein bil hamnar over kanten, seier brannsjefen til Marsteinen like etter at vegen er opna.

For eit tiår sidan omkom ein 18-åring etter at bilen han sat i køyrde av vegen og over den 30 centimeter høge betongsmuren ved Åkyllaren, ein annan del av Heimarkpollen, i retning Storebø. Seinare vart murhøgda akkurat der og i retning Naustheller auka.