Heimelaget kjempa godt, men fekk ikkje med seg poeng frå kampen mot Sund
Heimelaget kjempa godt, men fekk ikkje med seg poeng frå kampen mot Sund

Tungt tap på Eidsbøen

AIK-gutane måtte vinna for å henga med i kampen om tabelltopp. Trass ei sterk opphenting i andre omgangen vart kampen snudd til eit 4 – 2-tap i sluttsekundane.

Sund-laget kom ikkje med den planlagde ferja grunna trafikkork på fastlandet, og kampen er utsett 30 minutt.
Begge laga byrjar litt forsiktig, og slit med å finna opningar i starten. Kaptein Tord Harald Skår startar kampen som midtstoppar, og tek tak frå fryste sparket på ballen. Tøff i duellane og dirigerer lagkameratane på banen. Christian Haugland Mikkelsen og Joachim Haugland Bjånesøy er solide på midten, men angrepa til heimelaget vert stoppa av eit kompakt Sund-forsvar.

I ein sjansefattig periode kjem det ein perfekt krossball inn boksen mellom keeper og forsvaret til AIK. Ballen finn hovudet til Tobias Sjøflot som styrer kula fint inn i motsett hjørna. Og like etter får AIK brot mot seg høgt inne på Sund sin halvdel. Ballen går kjapt ned langs høgresida som er vidopen. Innlegget går låg på tvers av boksen, og Marcus Iden får ein grei jobb med å putta inn 2 – 0, som òg er pauseresultatet.

I andre omgangen kjem AIK til ein kjempesjanse etter 52 minutt. Kristoffer Østervold slår ein flott pasning til Steffen André Skår som får lagt inn, men ballen treff ikkje eit AIK-bein. Særs nærme ei redusering.

Petter Tonning er kommen inn, og målmaskina skårer 2 – 1-målet med eit låg skot inne med stolperota i det 72. minuttet. Nytt håp er tent, og AIK-laget går på med ny giv. Alle mann i angrep. Sund-keeperen klarar ikkje helda ballen, kula dette ned til Tord Harald, no spiss, som skyt i tverligger. Mikkelsen fangar opp returen og headar inn utlikninga fem minutt før slutt. Heimepublikumet gjev frå seg eit jubelbrøl.

Oransjetrøyene går for siger, men gleda blir kortvarig. Eitt minutt før fulltid kjem det ein høg ball mot lengste krysset til keeper Gjøvåg. Han er uheldig, og Sund leiar igjen. Langt inn i overtida kjem spikaren i kista, og AIK tapar den viktige kampen 4 – 2.

AIK – Sund

2 – 4 (0 – 2)

Eidsbøen kunstgras 25. september 2021

Mål:

31´ 0 – 1 Tobias Landro Sjøflot

40´ 0 – 2 Marcus Vildnes Iden

73´ 1 – 2 Petter Tonning

86´ 2 – 2 Christian Haugland Mikkelsen

89´ 2 – 3 Øyvind Fjeld

95´ 2 – 4 Anders Zachariassen

Austevoll sitt lag:

1 Simen Bratten Gjøvåg  – 2 Erling-André Haugland Bjånesøy, 11 Steffen Skår, 9 Tord Harald Skår(K), 23 Øystein Eidsheim – 5 Aaron Alvin Ssabunyo, 6 Christian Haugland Mikkelsen, 20 Joachim Haugland Bjånesøy, 15 William Veivåg, 21 Steffen André Skår – 7 Kristoffer Østervold

Gule kort:

Erling-André Haugland Bjånesøy(36), Tore Hufthammer(68) og Christian Haugland Mikkelsen(70)

Innbytarar:

14 Petter Tonning

18 Arnt Nikolai Klepsvik

19 Daniel Hufthammer

22 Tor Eirik Nordtveit Tøkje

23 Håvard Eidsheim